Økopark i økonomiske vanskar

Formannskapet i Tingvoll blei i går orienterte om ein svært vanskeleg økonomi i Tingvoll økopark, skriv Aura Avis. Økoparken har som mål å bli eit nasjonalt kunnskaps- og opplevingssenter for å fremje økologi og berekraftig utvikling. Ifølgje ordførar Milly Bente Nørsett er økonomien i selskapet så alvorleg at selskapet enten må avviklast eller tilførast kapital. Tingvoll kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk senter for økologisk landbruk står som eigarar av økoparken.