NRK Meny

Økonomisk optimisme i vest

Næringslivet på Vestlandet er meir optimistiske enn på fleire år. Optimismen drivast i stor grad av at stemninga i oljenæringa har snudd etter at oljeprisen og forventningane til framtidige investeringar har auka. Det viser Vestlandsindeksen, som er utarbeida av Sparebanken Vest kvart kvartal på bakgrunn av spørsmål til 700 bedriftsleiarar på Vestlandet. Indeksen viser den største framtidstrua på nesten fem år blant bedriftsleiarar. Fleire trur fisk og havbruk kan bli større enn olje om 30 år.