I over 30 år har innbyggjarane venta på fastlandssambandet Nordøyvegen i Haram og Sandøy i Møre og Romsdal. Bygginga er allereie i gang, men prosjektet har blitt over ein milliard kroner dyrare enn planlagt.
No er saka tilbake på politikarane sitt bord.
– Det hadde vore meir lønsamt å køyre gratis ferje der dag og natt, kanskje med spa og buffé, seier økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.
I hans auge burde politikarane aldri prøvd å realisere Nordøyvegen.
– For optimistiske kalkylar
Nordøyvegen skulle etter planen koste 3,8 milliardar kroner, men Statens vegvesen reknar no med at prosjektet vil koste 4,9 milliardar.
Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal meiner fastlandssambandet vert endå dyrare og at bygging og vedlikehald vil kome opp i svimlande 5,6 milliardar kroner.
Ei rekkje andre prosjekt i fylket innan til dømes skule og samferdsel må utsetjast i over ti år om Nordøyvegen skal realiserast.
- Les også: Har venta sidan 80-talet: Gigantisk vegprosjekt på Vestlandet kan ryke etter milliardsprekk
Forkjemparane for vegen hevdar at det vert billegare å bygge fastlandssamband enn å drifte ferjene dei neste 30–40 åra.
Det trur Grytten er heilt feil.
Grytten seier at kalkylane heilt frå starten av har vist at Nordøyvegen ikkje er transportøkonomisk eller samfunnsøkonomisk lønsam.
Likevel trur han at det er vanskeleg for politikarane å snu.
– Her planlegg dei eit prosjekt som dei ikkje har råd til. Dei sit i fella fordi dei har lovd å bygge sambandet og fordi det allereie er brukt mykje pengar. Dei føler at det er umoralsk å ikkje bygge, seier Grytten.
Hittil har det blitt brukt 274 millionar kroner på prosjektet.
– Historielaust og tullete
Kristin Sørheim (Sp) er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal. Ho er sterkt usamd med økonomiprofessoren. Sørheim seier at ingen vegprosjekt eller jernbaneutbyggingar i Noreg er samfunnsøkonomisk lønsame.
– Det er både historielaust og tullete å samanlikne prosjektet med gratisferjer. Då trur ikkje eg Grytten veit kva det kostar å drifte ferjene på Nordøyane, seier Sørheim.
Fylkeskommunen betalar i dag 71 millionar kroner i året for ferjene. Nordøyvegen skal erstatte to ferjesamband og pengane ein sparer på ferjene skal bli brukt inn i vegutbygginga.
Største nokon gong
Sørheim meiner Grytten også tar feil når han seier at kalkylane er for optimistiske. Ho trur prisstigning gjer at ferjekostnadene berre vert større i framtida.
– Prosjekta vi har gjort tidlegare, der ferjer har blitt erstatta, viser at dei alle har blitt nedbetalt lenge før pessimistane anslo, seier Sørheim.
Nordøyvegen er Møre og Romsdal si største investering nokon gong.
I desember skal fylkestinget avgjere den vidare skjebnen til Nordøyvegen.