I går vedtok altså styret i Gilde Bøndenes Salslag å legge ned slakteriet i Molde. Vedtaket betyr at 140 tilsette mistar jobben.
Lyser av mangel på innsikt
Professor Arild Hervik og forskingsleiar ved Møreforsking, Oddmund Oterhals, har vore engasjert av dei tilsette i Molde for å gå gjennom grunnlagsmaterialet og føresetnadene for å leggje ned slakteriet i Molde. Dei to meiner at det reknestykke som styret i Gilde har brukt, er feil. Leiinga i Gilde hevdar at ei nedlegging av slaketriet i Molde vil gi ein årleg gevinst på 28 millionar kroner, men Hervik meiner dette reknestykket lyser av mangel på innsikt.
Øydelegg samvirketanken
Eit alternativt reknestykke som Hervik og Oterhals har laga, viser at Gilde vil få store omstillingskostnadar ved ei nedlegging som igjen vil føre til eit alvorleg underskot neste år. Dette vil og slå ut negativt i 2005, meiner Hervik. Han meiner det er ein stor tabbe å leggje ned eit slakteri som driv lønsamt og har ein effektiv produksjon av storfe. Gilde tar ein stor risiko ved å gjere dette, hevdar økonomiprofessoren.
Hervik fryktar at sjølve ideen om samvirke kjem til å døy dersom verksemda skal styrast av sentrale direktiv frå leiinga i Norsk Kjøtt som ikkje tar omsyn til gode faglege analysar. Leiinga i Norsk Kjøtt har gløymd at lønsemd må premierast.
Ikkje bestillingsverk
Arild Hervik avviser at dei to forskarane har laga eit bestillingsverk slik det blei antyda under styremøtet i går. Hervik seier at dette er ein fagleg analyse som ikkje tar stilling til kampen mellom slakteria i Molde og Ålesund. Det er forståeleg at leiinga i Gilde har behov for å sverte rapporten for å få gjennom ei nedlegging av slakteriet i Molde, seier Hervik. Han meiner det har gått prestisje i saka, meiner han, og derfor blir alle middel tatt i bruk.
Sats på private
Hervik har inga tru på at konsernstyret i Norsk Kjøtt vil leggje meir vekt på forskarane sin rapport enn det styret i Gilde gjorde i går. -Løpet er kjørt, seier Hervik, for det er utenkeleg at konsernstyret i Norsk Kjøtt vil kome fram til ein annan konklusjon.
Hervik meiner det er grunnlag for å satse vidare. Gløym alt snakk om rettssakar og bruk ikkje meir tid på Gilde-systemet, er rådet frå økonomiprofessoren.
Han trur det no er viktig å få inn private aktørar som eksempelvis Møre Kjøtt, og kome opp med alternative løysingar.
Dersom slakteriet i Molde for utvikle seg i privat regi, vil dette utkonkurrere Gilde, trur Hervik.