NRK Meny
Normal

Økologisk landbruk blir granska

Det er mangel på dokumentasjon for kor miljøvennleg det økologiske landbruket er.

Video nsps_upload_2009_11_18_14_47_16_695.jpg

Bioforsk Økologisk skal analysere gassutslepp frå markane (video over)

Analyserer utsleppa

Sissel Hansen ved Bioforsk Økologisk

Sissel Hansen ved Bioforsk Økologisk seier det er gjort svært få målingar av utslepp frå landbruket tidlegare.

Bioforsk Økologisk på Tingvoll skal finne ut om økologisk landbruk er meir miljøvennleg enn tradisjonelle bruk.

For å finne ut kva gassar som blir slepte ut blir det sett ut kasser på markane for å samle opp det som siv opp av jorda.

Gras er avhengig av nitrogen for å vokse, men vert det for mykje fører det til frigjeving av lystgass til atmosfæren.

Lystgass verst

Og lystgass er ein av dei farlegaste klimagassane og har ein verknad som er 300 gongar større enn tilsvarande mengde CO2.

Peder Aasprang

Peder Aasprang er bonde og er ikkje i tvil om at økologisk landbruk er meir miljøvenleg enn tradisjonell drift.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kvar veke i to år skal frigivinga av gassen målast på to forskjellige felt. Det eine feltet får tilført kunstgjødsel og det andre feltet blir drive økologisk.

Gassprøvene skal analyserast for å gi svar på om det økologiske landbruket er meir klimavenleg enn det tradisjonelle.

Forskingsresultata vil vise om det er omlegging til økologisk drift som skal til for å redusere klimagassutsleppa til atmosfæren.