Hopp til innhold

Vil ha tilbake tilskotsordning på all ull

Norske bønder får ikkje betalt for ull av «låg kvalitet». No viser forsking at denne ulla kan ha nye bruksområde, blant anna i å erstatte plast.

Sauebonde Vilhjalmur Bjørn Sveinsson.

Sauebonde Vilhjalmur Bjørn Sveinsson har både kasta, greve ned og gitt vekk ull som han ikkje får støtte til. Han meiner at det finst eit unytta potensial i ulla frå mellom anna spælsauen.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

– Nokre gongar kastar eg eller grev ned ulla. Eg har også gitt vekk noko til hagebruk hos privatpersonar. Det er trivelegare. Då blir det i alle fall brukt til noko, fortel Vilhjalmur Bjørn Sveinsson.

Sauebonden på Averøya på Nordmøre har rundt 180 spælsauer. Mykje av ulla som kjem frå desse sauane får han ikkje betalt for.

Vil ha tilskot på all ull

I dag blir norsk ull sortert inn i 16 kvalitetskategoriar, alt etter ulltype, farge og kor tjukk den er. Bøndene får ikkje tilskot for dei fem nedste kategoriane.

I 2016 fjerna nemleg Landbruksdirektoratet tilskotet for ulla av såkalla «lågast kvalitet». Det gjeld i stor grad ulla til dei eldste sauerasane, mellom anna villsau og norsk gammalsau. Mykje av denne ulla blir difor kasta eller grave ned. Dette fordi det kostar bøndene meir å sende den til ullmottaket enn å kvitte seg med den sjølv.

Organisasjonen Økologisk Norge tek no til orde for å føre tilbake tilskotsordninga på all ull. Dei meiner også at potten som bøndene får må aukast, og ber landbruks- og matminister, Sandra Borch, om å ta grep.

Dagleg leiar i Økologisk Norge, Markus Hustad.

TILSKOT: Økologisk Norge vil at norske sauebønder skal få tilskot for all ull.

Foto: Marit Lundby / Økologisk Norge

– Vi vil at meir av den norske ulla skal brukast. Det er for gale at ull blir kasta eller grave ned, fordi det ikkje finst støtteordningar som gjer at vi kan utnytte denne ulla som ein ressurs, seier dagleg leiar i Økologisk Norge, Markus Hustad.

Han meiner at dette også vil vere viktig for å gjere noko med plastforbruket vårt.

– Ull kan bli til gull. Fleire nyare studiar viser at ull kan erstatte plast på mange område. Men dette vil berre skyte fart om Borch støtter nye og innovative måtar å bruke ulla på, seier Hustad.

Les også Testar om saueull kan erstatte plast i kjøkkenhagar

Råull brukt i grønsakkasse for å halde unna ugras.

– Ull har mange bruksområde

Den store garn- og tekstilindustrien nyttar for det mest kvit ull frå sauerasen norsk kvit sau, den vanlegaste her i landet. Ull frå gamle sauerasar i fargenyansar grått, brunt og svart, eller ei blanding av desse, blir dårlegast betalt.

Kirsty McKinnon og Lise Grøva med farga ull som dei meiner bør verdsetjast meir.

ULL: Lise Grøva forskar på korleis ein kan utnytte meir av den norske ulla.

Foto: VEGARD BOTTERLI / NORSØK

Ein har ikkje eksakte tal på kor mykje ull som ikkje blir samla inn kvart år, men det kan dreie seg om 5–10 prosent, fortel forskar Lise Grøva ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Ho jobbar med prosjektet VerdifULL, der formålet er finne ut kva ein kan bruke norsk ull til. Spesielt ser dei på den ulla som garn- og tekstilindustrien ikkje nyttar i dag.

Grøva meiner det er eit stort potensial til å utnytte meir av ulla enn ein gjer i dag, særleg den grovare ulla. Samtidig er det behov for innovasjon og investeringar i industrien for å skape nye produkt.

– Vi ser at det kan erstatte plast i mange produkt, blant anna jorddekkeduk, plastpotter, tekstilar, filter og isolasjon. Det er eigentleg berre fantasien som setter ein stoppar. Ull er eit flott råmateriale og den er også biologisk nedbrytbar. Difor vil det også vere meir berekraftig.

Også ein ny rapport frå Oslo Met viser til korleis ull kan ha fleire bruksområde.

Skulle auke kvaliteten

Landbruks- og matdepartementet seier at når jordbruksavtalepartane i 2016 blei einige om å redusere talet på kategoriar som fekk støtte, blei dette gjort for å bidra til ytterlegare satsing hos norske sauebønder til å produsere ull av ein kvalitet som marknaden spør etter.

Sandra Borch, landbruks- og matminister (Sp)

Sandra Borch seier ein må kome tilbake til kva prioriteringar dei vil gjere når det kjem til tilskot under jordbruksforhandlingane.

Foto: Dan Henrik Klausen

Partane vektla også at satsane blei auka for dei ulltypane som får tilskot og meiner at dette er eit avgjerande bidrag til økonomien i den norske ullproduksjonen.

Landbruks- og matminister, Sandra Borch, seier dei vil få mange forslag til endringar i tilskotsordningane før årets jordbruksforhandlingar.

Vi må kome tilbake til kva prioriteringar vi vil gjere når det gjeld tilskot under forhandlingane i år, seier ho.

Sau hos bonden Vilhjalmur Bjørn Sveinsson på Averøy.

Gamle sauerasar går ute store delar av året og er mellom anna viktig for å hindre at kulturlandskap gror igjen.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

– Tilskot er ikkje nok

Ronald Cato Slemmen, leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, støttar kravet frå Økologisk Norge. Han seier at kompensasjonsordninga vil vere ei av kampsakene i vårens landbruksoppgjer.

Sauebonde Vilhjalmur Bjørn Sveinsson

KAN BRUKAST TIL MEIR: Vilhjalmur Bjørn Sveinsson meiner at spælulla kunne vore utnytta betre enn den blir i dag. Han meiner at spælulla har ein glans og styrke som gjer at den kan brukast til å lage genserar.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

– Vi ligg så lågt på lønnsstigen frå før at alt som blir tatt frå oss er merkbart. Vi vil ha tilbake den ordninga vi hadde. Det er viktig både for økonomien og produkta vi leverer.

Sauebonden på Averøy, Vilhjalmur Bjørn Sveinsson, meiner at tilskotsordninga er ein god start, men at det ikkje er nok i seg sjølv.

– Eg hadde sett pris på å få betalt for all ulla, men det viktigaste er å finne bruksområde til den. Slik at det finst nokon i den andre enden som skaper verdi ut av det.

Les også Ull fra norske sauer blir gravd ned i jorda eller brent i fjæra

Villsau og Svartfjes på Rennesøy

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL