Hopp til innhold

Også Tolaas i tvil

Fleire av fylkestingspolitikarane slit med å lande på om dei skal røyste for eller mot Nordøyvegen i fylkestinget tysdag. Det gjeld også Gerda Tolaas frå Senterpartiet. – Eg er framleis usikker og har mange spørsmål. Derfor kjem eg til å bruke gruppemøta måndag godt, seier Tollaas til NRK søndag kveld. Ho ønskjer ikkje at Nordøyvegen skal gå utover skulane i fylket, men vil også sjå alle tala i saka før ho konkluderer. – Eg har ikkje låst meg til eit standpunkt, seier Tolaas, som møter som vara for Geir Inge Lien. Fylkestinget startar måndag, men røystinga om Nordøyvegen er lagt til tysdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL