Hopp til innhold

Også biskopen imot Sellafield

Biskop Odd Bondevik i Møre er imot at britane gjenopnar atomgjenvinningsanlegget Sellafield ved Irskesjøen. - Vi skal ta vare på Guds skaparverk, seier biskopen.

Biskop i Møre, Odd Bondevik
Foto: MORTEN HOLM / Scanpix

- Alt som er med på å øydeleggje skaparverket, må vi seie frå om. Det er også viktig å tenkje på at dette anlegget trugar næringsgrunnlaget for folk langs kysten vår, seier Odd Bondevik.

Sellafield-anlegget i Nordvest-England har vore stengt sidan 2005 då over 80 000 liter høgradioaktivt avfall lak ut. No har dei britiske styresmaktene bestemt seg for å opne det igjen.

 

Sellafield

Sellafield-anlegget

Foto: SABINE VIELMO / SCANPIX

 

Norden: Sellafield må ikkje opnast

 

Asmund Kristoffersen

Asmund Kristoffersen

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

 

Ein stor nordisk delegasjon er i Storbritannia måndag og tysdag for å hindre at atomgjenvinningsanlegget Sellafield opnar igjen. Leiar for miljø- og ressursutvalet i Nordisk Råd, Asmund Kristoffersen, trur møtet kan bli avgjerande for framtida til anlegget. - Vi må tru på at gode argument kan få dei som er ansvarlege for anlegget til å tenkje seg om, seier Kristoffersen. Men han trur ikkje det blir lett. Anlegget har kontraktar med blant andre Japan om å gjenvinne avfall, og med sine 10 000 arbeidsplassar er det viktig for sysselsettinga i regionen.

Kravet frå dei nordiske landa blir lagt fram under eit seminar ved anlegget. Delegasjonen består mellom anna av representantar frå Bellona, Statens strålevern og energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Også Island og Færøyane har representantar på møtet.

Frykt for nye utslepp

Anlegget ved Irskesjøen er svært omstridt på grunn av mangeårige utslepp av radioaktiv materiale. Informasjonssjef Knut Arne Høyvik i Noregs Fiskarlag fryktar at ei gjenopning av anlegget skal medføre nye store utslepp og føre til ei katastrofe for fiskerinæringa langs heile kysten.

Strengare krav

I januar avgjorde britiske styresmakter at anlegget kan få opne igjen dersom det oppfyller nye og strengare krav til driftstryggleiken. Men seksjonssjef Ingar Amundsen i Statens strålevern er skeptisk. - Vi besøkte anlegget i april og blei ikkje overtydde. Dersom alt går normalt, er ikkje utsleppa store, men Sellafield er sårbart dersom noko unormalt skjer ein stad på anlegget. Lekkasjen i 2005 vitna om ein relativt dårleg tryggingskultur, seier Amundsen.