Hopp til innhold

Og på parkeringsplassen sto: EIN BIL

Parkeringsplassen ved kulturhuset i Ørsta skulle få ny, fin asfalt. Men på parkeringsplassen sto av alle ting: EIN BIL!

Asfaltering Ørsta

Bilar har vel i fleire tiår sett kraftige spor etter seg i asfalten i Ørsta sentrum. Men denne varianten var nok ny.

Foto: Rune Sæbønes / Møre-Nytt

Det er avisa Møre-Nytt som fortel historia om asfaltforviklinga i Ørsta. Parkeringsplassen ved kulturhuset skulle få seg eit løft. Gammal, grå, holete og sliten asfalt skulle bytast ut med ei jamn, fin, svart flate.

Alt gjekk greitt, heilt til det blei oppdaga at parkeringsplassen blei brukt til akkurat det ein parkeringsplass skal brukast til. Ein bil sto nemleg parkert på plassen.

Fann ei løysing

Om gode råd blei dyre, eller om dei var heilt innanfor budsjett er ikkje kjent. Men det kan sjå ut som om det i området er kultur for kreative løysingar. Denne løysinga handla ikkje om borttauing. Veidekke forsøkte å finne eigaren. Kanskje dei til og med sende SMS til 2282 for å finne eigaren for så å be vedkomande om å flytte bilen. Men etter det vi kan sjå lukkast ikkje dette tidsnok.

Her galdt det altså ikkje å ha ei firkanta haldning, og samstundes gå for ei firkanta løysing. Løysinga blei å legge asfalt sirleg på venstre side av bilen, på høgre side av bilen, og bak bilen.

Einaste bota er UNDER bilen

Det er asfaltselskapet Veidekke som fann denne løysinga. Og selskapet presiserer overfor avisa Møre-Nytt at dette slett ikkje var noko problem. Og det er slett ikkje snakk om å bøtelegge bileigaren på nokon som helst måte. Einaste bota i denne saka er bota på parkeringsplassen som manglar ny asfalt.

Eigaren av bilen har ikkje gjort noko gale. Den resterande bota blir asfaltert så snart bilen er køyrd vekk, opplyser Veidekke til Møre-Nytt.