Hopp til innhold

Offshoreveteran vil ha meir oljeaktivitet

– Dersom me skal behalde velferden må det meir verdiskaping til. Eg kan ikkje forstå at me ikkje skal kunne sleppe til på Lofoten og andre område. Ho Grande frå Venstre bør ta seg ein tur ut av Oslo for å studere industrien.

Geir Jarnes, kaptein på Island Vanguard

Geir Jarnes, kaptein på Island Vanguard.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dette seier Geir Jarnes frå Sykkylven (58) engasjert kaptein på Island Vanguard, og for tida i tørrdokka på Ulstein Verft for klassing.

– Eg vil aldri ha problem med å ete fisk som er tatt rett ved sida av ein oljeinstallasjon, seier han. Oljenæringa er så trygg og sikker med så gode system at det er små sjansar for at uhell skal skje forårsaka av oljeindustrien. Eg meiner at det er meir forureining i Middelhavet enn det er i Nordsjøen.

Jarnes er ein sann veteran i offshorebransjen. Han starta alt i 1982 og var i Farstad i mange år før han fekk eit tilbod frå Island Offshore og Håvard Ulstein som han takka ja til.

Stolt av skipet

Han er stolt av "skipet sitt" som no ligg i dokka på Ulstein Verft. I si tid var prisen over 400 millionar kroner for ankerhandteringsfartøyet. Island Vanguard opererer på spotmarknaden og har difor oppdrag frå ei veke til ein månad, og Jarnes har god tru på at dei skal vere i sving igjen utpå nyåret. Det er to skift om bord. Dei er fire veker på og fire veker av. Kapteinen er eldre enn dei aller fleste andre om bord, og kallar dei andre berre for ungdomar.

Men eit unnatak er det. Tvillingbroren Roger Jarnes er arbeidsleiar om bord i fartøyet. Eit samarbeid som fungerer heilt flott ifølge begge to. – Me er ikkje brør når me er her, seier Roger. Då er det profesjonalitet til fingerspissane som gjeld.

Trekløver om bord på Island Vanguard

Viktige folk om bord på Island Vanguard. Frå venstre kaptein Geir Jarnes, styrmann Iselin Riise og arbeidsleiar Roger Jarnes.

Foto: Arne Flatin / NRK

Island Vanguard er eit flott skip trass i at det no har vore i drift i 10 år. På brua er det god plass og kapteinen kombinerer lugaren med kontorplass. I byssa regjerer ein dansk kokk, elles er det stort sett lokale folk om bord. Kaptein Jarnes spøker med at det er to utlendingar om bord. Det er den danske kokken og ein kar frå Bergen.

Island Offshore er eit reiarlag med svært mange sjøfolk frå Noreg og set si ære i å behalde norske arbeidsplassar så langt som råd.

Skuffa over regjeringa

– Eg er veldig skuffa over tiltaka frå styresmaktene. Venstre snakkar om grønt skifte, men me er så grøne som me kan verte. Det uroar meg at me mister kvalitet og kompetanse langs vegen slik situasjonen er i dag.

Jarnes har lært opp mange av dei han har med seg om bord. Fast mannskap er viktig for kvaliteten om bord. Han skryt uhemma av Morten og Håvard Ulstein.

– Håvard har det meir låkt når han må permittere ein mann enn når han mister ein million, seier Jarnes.

Jarnes seier han ser opp til folk som Ulstein-familien. I tillegg har han mykje positivt å seie om folka i Farstad og om Inge Huse i I.P Huse og Sigbjørn Akselvoll (Langsten) i Tomrefjorden.

Island Vanguard i dokke

Island Vanguard i dokk.

Foto: Arne Flatin / NRK

At det er tøffe tak for tida er Island Vanguard eit døme på. Skipet som no ligg i tørrdokk har to skift og for tida er det eine skiftet permittert og halvparten av det andre skiftet. Det er 16 personar på eitt skift og for tida er det 8-10 personar som er om bord under klassinga som skjer ved verftet.

Geir Jarnes er likevel optimist på vegner av næringa. Han trur ikkje oppturen vert så sterk som han var i ein periode, men håper på ein oljepris på 80-90 dollar fatet slik at ein på nytt kan få skapt arbeidsplassar.

– Det vert heile tida snakka om omstilling, men vi må få til konkrete tiltak som hjelper næringa. Det å satse vidare mange år til på oljeindustrien trur eg er fornuftig for å få fleire i arbeid og for å skape engasjement og optimisme, seier offshoreveteranen.

Aktiv fritid

Geir Jarnes er gift med Eli-Janne og har borna Pernille (24) og Daniel (28). Han ventar dobbelt opp med barnebarn neste år og reknar med at han skal kunne halde det gåande nokre år til. Han kan pensjonere seg når han er 60, men har tenkt å stå lenger om han ikkje vert gåande i vegen for ungdomen.

Jarnes kjem frå Sykkylven og bur på Aursnes der han bygde i 1987. Han er oppvaksen i Straumegjerde. Når han er på fritur er det alltid noko som skal gjerast. Dottera kjøpte eit gammalt hus som han hjelpte til med å pusse opp, så var det ei hytte som måtte få litt merksemd. Han er også svært glad i å gå på fjellet for å få ny energi. Då vert det gjerne ein tur til Vassætra og til Sandvikhornet (på ca 900 meter).

Faren til Geir Jarnes hadde fraktebåtar, så han kom tidleg inn i det maritime miljøet. Han tok utdanning og starta i Farstad i 1982. Han var kaptein i svært ung alder og har alltid hatt ein sterk glød for det han held på med.

Geir Jarnes framfor Island Vanguard

Geir Jarnes framfor Island Vanguard i dokka på Ulstein verft

Foto: Arne Flatin / NRK

– Ein må ha den gløden for å halde det gåande så lenge som eg har gjort. Etter 24 år i Farstad vart det skifte. Saman med Håvard Ulstein forma dei Island Vanguard som var klar i 2007. Dei første åra var det eit eventyr, seier Jarnes.

– Me tente veldig gode pengar med denne båen dei første åra. I 2010 og 2011 starta nedturen så vidt og frå 2012 var den merkbar. I år har det vore steintøft, men Jarnes trur det kan gå oppover igjen. Han har vore med på eit par nedturar før, men aldri ein så brutal som denne.