NRK Meny
Normal

Offshoreleiar vil bytte skiftordning i oljenæringa

Trass i nedgangstidene i olje og offshorenæringa trur ikkje lokale offshorereiarlag at skiftordninga med to veker på og fire av vert fjerna med det første. Men toppleiar i REM Offshore meiner ordninga må vekk.

Trass i nedgangstidene i olje og offshorenæringa trur ikkje lokale offshorereiarlag at skiftordninga med to veker på og fire av vert fjerna med det første. Men toppleiar i REM Offshore meiner ordninga må vekk.

Leiaren i reiarlaget REM Offshore i Herøy, Åge Remøy, trur ikkje næringa kan leve med ordninga på sikt.

Skal dette skje må det ei svært langvarig krise til, trur sjefen for Island Offshore i Ulstein. Reiarlaget har tre skip med slik avtale, og presset mot denne ordninga har forsterka seg den siste tida.

– Eg trur det er veldig vanskeleg å få den fjerna. Det kjem til å krevje enorm politisk vilje, seier Island Offshore-sjef Håvard Ulstein.

Det er leiaren i reiarlaget REM Offshore i Herøy, Åge Remøy, ueinig i. Dei har ingen båtar med slike riggavtalar. Remøy trur ikkje næringa kan leve med ordninga på sikt.

– I forhold til konkurrentane våre er dette ein tapssituasjon. Vi er åleine i verda med ei slik ordning – og det er mykje dyrare enn å drive som konkurrentane.

– Kor realistisk er det å få fjerna ordninga?

– Det vil vere frykteleg vanskeleg å ta tak i, men eg trur det vil vere vanskeleg også å halde fram med denne skiftordninga, seier Remøy.

– Urealistisk

Administrerende direktør i Island Offshore Håvard Ulstein

Island Offshore-sjef Håvard Ulstein trur det vert vanskeleg å fjerne 2/4-ordninga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Direktøren i Island Offshore har meir enn nok å henge fingrane i. Offshorereiarlaget hadde eit rekordår i fjor, men slik vert det ikkje i år med dagens oljepris. Ei skiftordning der mannskapet arbeider to veker og har fri i fire er vanleg i oljenæringa. Sjølv om dette kostar kundane ekstra, trur ikkje Ulstein at ordninga forsvinn med det første.

– Vi har 250 tilsette i vårt reiarlag som har denne ordninga, og det har gått greitt så langt, seier Ulstein.

Ulstein trur det er urealistisk å tenkje at ordninga kjem til å forsvinne. Han ønskjer ikkje å kommentere kva han sjølv syns om skiftordninga som dei no har brukt i ni år.