Hopp til innhold

Offisiell opning av riksveg

Den nye riksvegen mellom Tingvoll og Meisingset opnar offisielt klokka 13 laurdag. Den siste delen av vegen blei tatt i bruk rett før sommarferien, og laurdag ettermiddag opnar samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vegen offisielt. Innbyggarane har kjempa for ny veg i årevis, og feirar laurdag over 9 kilometer ny riksveg. Prosjektet har kosta 470 millionar kroner, opplyser vegvesenet.