Hopp til innhold

Odin (7) fekk det første hoppet i den nye Vikabakken i Ålesund

Odin Årseth (7) fekk ta det aller første offisielle hoppet i den nyopna Vikabakken i Ålesund laurdag. No håper entusiastane at tre plastbakkar skal lokke dei unge tilbake.

Odin Aarseth

Odin Aarseth (7) har ikkje hoppa meir enn i to veker, men gir seg ikkje. Han seier det berre er å reise seg igjen, om han fell på trynet.

Foto: Synnøve Hole

Odin Årseth var ikkje ein gong fødd då planane om hoppbakkane i plast kom på teiknebrettet hos Spjelkavik Idrettslag i Ålesund. Men i dag var han førstemann utfor som yngstemann under det aller første krinsrennet i hopp som blir arrangert her.

– Eg håper verkeleg at eg greier å kome over 10 meter, seier 7-åringen like før han susar ut for hoppkanten laurdag ettermiddag akkompagnert av ei jublande folkemengde.

Les også:

Har øvd i to veker

Hopping i Vikabakken

Dette er det mange som har gledd seg til lenge. I dag blei det første offisielle hopprennet arrangert i Vikabakken i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole

Bak står mora Linn Årseth og fortel at guten begynte å hoppe for fjorten dagar sidan, og har fått blod på tann. Mora skuldar på aldren, men seier ho gjerne skulle gjort det same.

Hadde eg vore yngre så hadde eg også gjort det, seier ho.

Kva er så fascinerande med hopping?

– Det er vel tanken på å flyge litt, kjenne litt luft på kroppen, seier ho.

Håper plastbakkane skal lokke fleire

Terje Bergset i Møre og Romsdal skikrets

Terje Bergset i Møre og Romsdal skikrets håper å lokke til seg 50-100 aktive hopparar til dei nye plastbakkane.

Foto: Synnøve Hole

Og det er fleire som deler fascinasjonen over å vere i lufta. På 60- og 70-talet var det eit levande hoppmiljø på Sunnmøre. Det var hoppbakkar i svært mange bygder, men snøfattige vintrar sette ein stoppar for aktiviteten. No håper entusiastane på ein ny vår for hoppsporten.

– Draumen er at vi blir ein god gjeng her på 50–100 hopparar på Sunnmøre på litt sikt, seier Terje Bergset i Møre og Romsdal skikrets.

Offisiell opning sommaren 2017

Perry Holen

Formann i Spjelkavik Idrettslag, Perry Holen, seier han trur det etterkvart kan kome verdsstjerner i hopp frå Spjelkavik.

Foto: Synnøve Hole

Dei to første bakkane på 12,5 og 25 meter er no opna i Spjelkavik, og neste sommar blir også ein 40 meter lang bakke klar.

Sebastian Foss Solevåg og Løset-systrene frå Spjelkavik hevdar seg i verdstoppen på alpint. Perry Holen i Spjelkavik Idrettslag trur hoppmiljøet kan fostre nye skistjerner frå området.

– Det beste som kan skje er at vi får masse gutar og jenter som kjem hit for å hoppe, seier han.

Eldstemann nesten 80 år

Kåre Holmen

Kåre Holmen (77) var eldste hoppar under det første hopprennet i Vikabakken i Ålesund laurdag. Han har 25 VM-medaljar, og gir seg ikkje med det første.

Foto: Synnøve Hole

Kåre Holmen (77) frå Skodje er seks gongar verdsmeister i hopp og kombinert, og har til saman 25 VM-medaljar. Han har ikkje tenkt å gje seg med det første, og skryt av det gode seniormiljøet på Sunnmøre.

Det er spenninga, det er kjempegøy å halde på med, seier han, og fortel at han har mist begge skia under hopp, men aldri vore spesielt redd.

Ikkje redd for å falle

Det er heller ikkje frykt som pregar 7 år gamle Odin Årseth, som hoppa seks meter i sitt første offisielle renn laurdag. Ingen av kompisane er førebels med i bakken, men sjølv gir han seg ikkje, sjølv om han skulle falle.

– Dersom eg går på trynet vil eg berre reise meg opp igjen og fortsette og fortsette og øve heile tida, slår han bestemt fast.

Publikkum tek bilde av hopparane

Det var mange foreldre, tilskodarar og pressefolk som ville ta bilde av dei aller første hopparane i Vikabakken i Ålesund laurdag.

Foto: Synnøve Hole

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL