Hopp til innhold

Odin (17) er pilot – men kan ikkje køyre bil

No drøymer den blodferske piloten om å utdanne seg til å bli flykaptein, ein bransje som ligg med brekt rygg.

Odin Varhaugvik, pilot i Molde

Odin Varhaugvik har bestått privat flyeksamen, såkalla PPL (A). Oppkøyring for bil ventar i mai då han fyller 18.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Julaftan i 2019 skulle bli meir spennande for Odin Bugge Varhaugvik enn det han kunne sjå for seg. Då han opna julegåva frå foreldra sine fekk han sjokk.

Moldensaren fekk nemleg flysertifikatet. «Det var litt av ei gåve», tenkte han.

Etter eit drygt år og 50 timar i lufta kan Varhaugvik endeleg fly på eiga hand etter å ha «floge opp» på fredag. Vennar og familie står no i kø for å vere med han på tur.

– Eg har alltid vore fascinert av det å ha kontroll over noko stort. Først var det tog, men så innsåg eg at fly var rette vegen å gå. Det er som å vere ein fugl, seier Varhaugvik.

Førarkortet må han derimot vente med til mai med. Aldersgrensa for flysertifikatet er 17 år, mens den er 18 for bil i Noreg.

– Er det rart å ikkje kunne køyre bil åleine, når du kan fly?

– Det er veldig rart ja, eg må jo ha skyss til flyplassen, ler moldensaren.

Odin Varhaugvik, flyger, Molde 2

Det har vore spennande og krevjande situasjonar når Varhaugvik har floge mellom flyplassane på Vestlandet. Han har fått kjenne på skikkeleg turbulens. – Eg blei ganske så nervøs, seier han.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Alf-Jørgen Tyssing

Det var Romsdals Budstikke som omtalte saka først.

Drøymer om å jobbe som flykaptein

Den store draumen til Odin Varhaugvik no er å bli flykaptein og fly kommersielle flygingar.

– Det har vore litt labert no under koronatida, men det er mange som seier det kjem til å bli veldig stort behov for pilotar i framtida i Europa, seier han.

Flybransjen er ein av bransjane som er hardast ramma som følgje av koronapandemien. Det er svært usikkert korleis det vil sjå ut framover.

– Vi står overfor den største krisa norsk luftfart nokon gang har vore i. Det er ein tung tid for alle, og fleire vil truleg ikkje kome tilbake i jobb, seier komitéleiar Arthur Haakonsen i Norsk Flygerforbund.

Arthur Haakonsen i Norsk Flygeforbund

Luftfartsbransjen er i ei djup krise, seier Arthur Haakonsen i industriell komité i Norsk Flygerforbund. Han rår likevel motiverte til å halde på pilotdraumen.

Foto: Privat

Han mista sjølv pilotjobben med 560 andre SAS-tilsette i januar. Han vel likevel å sjå optimistisk på framtida, og er opptatt av at bransjen skal bygge seg opp betre og meir robuste enn tidlegare.

– Flyselskapa har ikkje vore økonomisk berekraftig. Dei har halde på med å stadig underby kvarandre, ein pris dei tilsette må betale. No må ein bygge dei opp på rett måte, så det blir økonomisk, sosialt og miljømessig berekraftig, seier Haakonsen.

Klarar ein det, vil det vere behov for mange pilotar igjen, meiner han, og ber 17-åringen ta godt vare på draumen.

– Den viktigaste faktoren for å bli pilot er motivasjonen, og ikkje miste den. Krisa vil nok vare ei stund, men eg vil rå han til å halde på pilotdraumen, seier Haakonsen.

Kan vere mindre behov for jobbreiser

Frode Steen er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole. Han har forska på og analysert luftfartsbransjen i over 20 år.

– Eg trur det vil ta ein del tid å vere tilbake til då vi stengde butikken. Dei neste 2–3 åra blir det mange ledige pilotar, seier Steen.

Frode Steen, professor ved Norges Handelshøyskole

Frode Steen er professor ved Noregs handelshøgskole i Bergen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mykje er usikkert, men den underliggande etterspurnaden etter å fly kan ha endra seg under pandemien. Folk har lært at meir er mogleg å løyse digitalt.

– Vi har behov for å fly, men mykje har vore det eg kallar brød og smør-trafikk, korte dagsturar i arbeidslivet. Der trur eg mykje forsvinn, seier Steen.

Har håpet

Odin Varhaugvik lèt seg ikkje skremme av dei dystre tilstandane. Dette har han vore hans store lidenskap sidan han var tolv år gammal.

– Det har ikkje vore noko alternativ, så det er vanskeleg å sjå for seg å gå ein annan veg. Dette har vore den største hobbyen og interessa mi, seier han.

Han planlegg å søke seg til flygarutdanninga når han har fullført vidaregåande, og vil jobbe hardt for å nå målet.

– Sjølv om det ser mørkt ut er det alltids håp om at det kjem til å endre seg. Eg tvilar på at folk kjem til å slutte å reise etter koronaen, seier Varhaugvik.

Odin Varhaugvik, Molde

Odin Varhaugvik vil følgje draumen sin om å bli flykaptein i store jetfly. Fram til da vil han kose seg med propellfly med éin motor.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK