Hopp til innhold

Odelsjenta Lena (15) kjempar mot giftdeponi

Lena Sandvik Vassli fryktar for framtida til Nesset dersom det nasjonale giftdeponiet vert plassert her. Ho trur endå fleire vil flytte frå kommunen.

Lena Sandvik Vassli

15 år gamle Lena Sandvik Vassli forstår at det trengst eit nasjonalt giftdeponi, men vil ikkje at det skal ligge i heimkommunen hennar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tysdag kveld var rundt 400 personar samla på folkemøte om det planlagde deponiet for farleg avfall på Rausand i Nesset. Det er stor motstand mot deponiet, som skal ta imot farleg avfall frå store delar av Europa. Ei av dei som har engasjert seg er odelsjente og ungdomspolitikaren Lena Sandvik Vassli (Ap).

– Giftdeponiet kan skade fjorden og folk. Det er skummelt at dette kan true framtida, seier Vassli.

Anlegget på Langøya i Oslofjorden er snart fullt, og eitt av alternativa til ny lagringsplass for farleg avfall er i fjellhallar i den tidlegare gruvebygda Rausand. Det andre alternativet er Brevik i Telemark.

Harald Storvik

Rundt 400 personar møtte opp då interessegruppa "Giftfritt Nesset" inviterte til folkemøte tysdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fråflytta kommune

Lena Sandvik Vassli er klar over at Noreg treng eit giftdeponi i løpet av fem år, men meiner at ein må leite etter stader som er trygge. Ho er redd for at gifta vil sive ut frå fjellet og ned i fjorden, dersom det vert plassert på Rausand. 15-åringen trur også at det vil skremme folk bort frå kommunen.

– Nesset har blitt fråflytta og giftdeponiet hjelp ikkje på. Eg trur det vil øydelegge for kommunen, seier ungdomspolitikaren. Sjølv kjem ho frå gard og er odelsjente. Ho tvilar på at ho kjem tilbake og tar over garden, dersom kommunen etablerer giftdeponi.

– Eg meiner politikarane må høyre på oss unge. Når vi seier nei, må dei faktisk høyre på oss, seier Vassli.

Harald Storvik

Harald Storvik meiner at folk ikkje treng å uroe seg for giftdeponiet. Det skal vere trygt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Skal vere trygt

Selskapet Bergmesteren Rausand skal bygge ut deponiet, dersom styresmaktene meiner dette er den beste løysinga. Mange er skeptiske til planane. Interessegruppa Giftfritt Nesset, meiner staden er dårleg egna for deponiet.

– Vi ynskjer at folk skal få kunnskap om risikoen for forureining av ferskvatn og sjøvatn, seier styreleiar i gruppa, Kristin Sørheim (Sp).

Selskapet avviser at folk treng å vere redde.

– Det er trist at ein baserer det på utdaterte rapportar, påstandar og lause rykte og ikkje held seg til fakta, seier dagleg leiar Harald Storvik.

Han seier at dei ikkje skal deponere avfall i dei gamle gruvene, men at dette skal plasserast i nye, tilrettelagde fjellhallar som er spesialdesigna til føremålet.

Planane er ikkje ferdig greidd ut før til hausten.

– Dersom det viser seg at det inneber miljørisiko som ikkje er handterer, blir ikkje planane noko av, seie Storvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL