– Vi kan risikere å i verste fall få øydelagt torskestamma lokalt her. Det vil vere ein tragedie for alle som fiskar. Det er slikt som ikkje skal skje, det er ikkje verd det.
Hobbyfiskar Oddvin Bjerkvik er veldig kritisk til at oppdrettsselskapet Ode har søkt om å starte opp to nye anlegg for oppdrettstorsk i fjorden innanfor der han bur.
Ikkje langt unna rømde nemleg kring 87.000 torsk frå eit anna anlegg i fjor haust, også det Ode sitt.
– Dei burde ikkje ha gjort det før dei har meir kunnskap om kva som er konsekvensar av rømminga. Dei burde venta med å gi fleire tillatingar før dei veit konsekvensane, seier Bjerkvik.
Han fortel at han fekk mykje oppdrettstorsk i garnet når han dreiv med fiske i vinter. Han fryktar for korleis den vil påverke villtorsken i området.
No håper han at fylkeskommunen ventar med å svare på den nye søknaden til ein ny forskingsrapport om torskerømming er klar.
Dette er ein oppdrettstorsk Oddvin Bjerkvik fekk i garnet i vinter. Han seier at oppdrettstorsken ser annleis ut, mellom anna fordi den ein pukkel på ryggen, og den har ein spissare nase.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKDenne rømde oppdrettstorsken har pellets i magesekken. Bjerkvik meiner den må ha vore i nærleiken av oppdrettsannlegget i vinter for å ha fått i seg mat.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKTorsken Bjerkvik fekk i februar har lege i frysen sidan då. Fiskaren meiner hanntorsken er gytemoden – nett det han fryktar vil skade villtorsken.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKMå vurdere om dei ventar på forskinga
To nye lokasjonar for oppdrett er på trappene i fjorden innanfor Volda sentrum, ei mil frå anlegget der rømminga skjedde i 2022. Det eine er ute på offentleg høyring, medan det andre er i avsluttande fase hjå fylkeskommunen.
Sakshandsamar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rebekka Varne, seier dei vil bruke rapporten om den blir ferdig.
– Om den ikkje blir ferdig, så må vi vurdere om vi må vente eller om vi må behandle ferdig før vi får den. Men det må eg sjå på når vi får alt på bordet.
Rebekka Varne i fylkeskommunen seier dei vurderar om dei vil vente på forskingsrapporten, eller om dei eventuelt gjev løyve til å starte oppdrett uansett.
Foto: Roar Strøm / NRKVarne peiker på at det er vanskeleg å finne dei faktiske konsekvensane for miljøet etter ei rømming som den i 2022, men er viss på at rapporten vil vere til hjelp.
–Havforskinga har eit prosjekt her som kan belyse dette veldig bra når det er ferdig, seier Varne.
Det var frå Alida-anlegget mellom der Oddvin Bjerkvik bur og Volda sentrum rømminga i 2022 skjedde.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKTrur ikkje oppdrettsfisken vil gjere stor skade
Falk Øveraas, som er samfunns- og myndigheitskontakt i Ode, fortel at dei saman med fiskerimyndigheitene fann ut kva feilen var ved rømminga i 2022, og at dei har fått fiksa dette.
– Det var ei isolert hending, seier Øveraas.
Falk Øveraas seier oppdrettstorsken er dårleg eigna til å klare seg i det fri, og trur dimed ikkje den vil verte noko problem for økosystem og miljø.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKHan fortel at korkje Ode eller Nofima, som har avla fram fisken Ode brukar, trur oppdrettstorsken eller potensielle kryssingar med kysttorsken vil skape noko problem i økosystemet i fjordane.
– Våre observasjonar er at oppdrettstorsken har greidd seg dårleg ute i det fri. Vår konklusjon er at sannsynet for påverknad er liten, seier Øveraas.
Frå kontoret i Ålesund kan dei tilsette i Ode følgje med på og styre matinga av oppdrettsfisken i anlegga kringom i fylket.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKOgså matinga av oppdrettstorsken vert styrt frå kontoret.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKDette frigjer dei tilsette som jobbar ute på merdene til å gjere andre ting, forklarar Øveraas.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKAttende i fjøra står Oddvin Bjerkvik med ein halvfrosen oppdrettstorsk han fekk i vinter, Han er framleis uroa for kysttorsken han er so glad i.
– Denne er gytemoden. Dei påstår at det skal gå lengre tid før hofisken er gytemoden, men hanntorsken er i alle fall klar. Om han klarar å gyte mot villtorsk, so er skaden allereie skjedd, seier Bjerkvik.
– Det er slik Klondikestemning, på ein måte. At ein berre køyrer på og får trøbbel seinare, seier Bjerkvik.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK