Hopp til innhold

Sjå Oddgeir sine fem «Der ingen skulle tru» favorittar

Lange dagar i karantene kan kortast ned med gode TV-program og seriar. Her gir mannen som skapte den populære NRK-serien deg sine personlege favorittar.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir Bruaset har vald ut fem episodar frå NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Bruaset var opphavsmannen bak serien som held fram med Arve Uglum som programleiar.

Foto: NRK

Det første programmet til den folkekjære programskaparen Oddgeir Bruaset gjekk på lufta i 2002. Fram til 2015 laga han 72 program. Serien er vidareført i NRK med Arve Uglum som programleiar.

Måtte avlyse fordrag

I det daglege er Oddgeir Bruaset pensjonist, men ligg slett ikkje på latsida. Rundt 50 oppdrag i året har det blitt, dei aller fleste knytt til den populære programserien. Koronautbrotet har derimot sett ein effektiv stoppar.

– I desse koronatidene er det jo uaktuelt med slike tilstellingar. Berre den dagen styresmaktene stengde det meste, fekk eg fire kanselleringar, seier Bruaset.

Oddgeir Bruaset og tv-teamet

Oddgeir Bruaset med teamet som var med å lage «Der ingen skulle tru ...»

Foto: Kristin Støylen

– Bruk tida til å stresse ned

Bruaset merkar godt at samfunnet har gått inn i eit anna gir. I programserien «Der ingen skulle tru ...» møtte han folk som hadde valt eit annleis liv av eigen vilje.

No blir svært mange tvinga til å legge om dagleglivet, og vere heime.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir Bruaset på Ytste-Skotet i Storfjorden på Sunnmøre.

Foto: NRK

– Det finst nok dei som i desse dagar føler seg innestengde, fanga i sin eigen heim. Kanskje ville det vere lurt å nytte høvet til å distansere seg frå klokka, jaget og stresset, og i staden gjere noko ein har lyst til. Eller rett og slett setje seg ned og tenkje og filosofere litt over livet, seier Bruaset.

På oppmoding frå NRK har Oddgeir Bruaset vald ut fem program og har skrive ei lita innleiing til kvar enkelt.

Bjørg Wiik på Kjeåsen (2002)

Kjeåsen inst inne i Hardanger er kanskje den staden som ligg mest spektakulært til av alle dei plassane vi har laga program frå. Bjørg Wiik som no nærmar seg 90, bur der framleis i sommarhalvåret. Ho kom der i unge år for å hjelpe ei gammal tante, men etter at tanta var borte, vart Bjørg verande. Ho hadde oppdaga at Kjeåsen hadde verdiar som var så verdifulle at ho valde å bli. No er Bjørg i barndomsheimen sin i Oslo om vinteren, men kvar dag lengtar ho attende til freden og fridommen ho fann på Kjeåsen. «Skulle eg velje på nytt, hadde eg gjort det same», seier ho, sjølv om ho veit ho gav avkall på eit familieliv med det valet ho tok.

Norsk dokumentarserie. 
Kjeåsen ligg på ei fjellhylle, 530 stupbratte meter over Hardangerfjorden. Den gamle stien til gards var så vanskeleg å gå at halvparten av dei som prøvde seg, gjorde vendereis. Hit opp kleiv også oslojenta Bjørg Wiik. Ho ville ta seg av tanta si, den siste som levde att oppe på fjellhylla. Men etter at tanta døydde, vart Bjørg verande. Ho hadde oppdaga at Kjeåsen hadde noko som storbyen aldri kunne gje henne. Oddgeir Bruaset har møtt kvinna som framleis bur på Kjeåsen, åleine og i ein alder av 70 år. Sesong 1 (4:6)

Ingeborg og Steinar i Gaundalen (2003)

Gaundalen er den mest avsidesliggjande staden vi har laga program ifrå. Før måtte folk gå tre mil over fjellet for å komme til skule, butikk eller postkontor i Snåsa. Seks timar tok turen, kvar veg. Steinar Gaundal, gjorde livet enklare og avstandane kortare ved å byggje kraftverk, hengebruer over elvane og ein høveleg bein grusveg, som han omtala som flyplassen sin. Og etter å ha kjøpt eit småfly vart den seks timar lange gangturen til Snåsa omgjord til eit kvarters luftetur. Mor Ingeborg var ei tøff dame som langt opp i åttiåra fresa rundt på ATV om sommaren og skuter om vinteren. Ho døydde for nokre år sidan, langt over nitti, og for eit halvt år attende døydde også Steinar, heilt uventa. Dermed står fjellgarden folketom att.

Norsk dokumentarserie. 
Gaundalen, nordtrøndsk fjellgard innmed svenskegrensa, der ei mor, Ingeborg Gaundal (82) og ein son, Steinar (51) bur. Tre mils gangstig til næraste granne. For å løyse kommunikasjonsproblema har Steinar bygd flystripe bak låven og kjøpt privatfly. Sesong 2 (1:6)

Alma Jenssen på Revelsøya i Ballangen (2003)

Alma Jenssen levde på Revelsøya i Ballangen heile livet. Då ho voks opp, var Revelsøya ein handelsstad, med butikk, postkontor og skipsekspedisjon. Men på 50-talet flytte handelsmannen, og snart drog øybuarane etter. Berre Alma vart att, og i 40 år var ho einebuar på øya. Skulle ho på butikken, var det å krysse fjorden i ein liten, open båt. Men om vinteren kunne ho liggje vêrfast i både to og tre veker i slengen. Viktigaste arbeidet var å passe ei fyrlykt, som låg veglaust til på motsett side av øya. Ho heldt det gåande til ho hadde passert 80, og det var ikkje alderen, men automatiseringa som gjorde at ho måtte slutte. Alma døydde uventa ein vinterdag i 2008, få dagar før ho ville ha fylt 89.

Norsk dokumentarserie. 
Revelsøy, eit tidlegare handelssenter i Ofotfjorden, der 85 år gamle Alma Jenssen lever heilt åleine, og det har ho gjort det i meir enn 30 år. I 50 år har ho passa ei veglaus fyrlykt, no nøyer ho seg med å vere kyrkjetenar i kapellet på den gamnle gravplassen. Ho fiskar til eige bruk, og eit par gonger i veka dreg ho til fastlandet etter mat og post - om ho ikkje sit vérfast. Sesong 2 (5:6)

Åsmund Fjellheim Kvipt på Kvipt (2003)

Åsmund Fjellheim Kvipt levde på den veglause fjellgarden Kvipt i Telemark til han begynte på skulen. Då flytte familien ned til Fyresdal. Skulevegen vart for lang. Som vaksen drog lengten han attende, og han fekk med seg familien. Han satsa på turisme, bygde låven om til gildehall, fjøset om til butikk, der ekteparet selde kunsthandverk som dei laga om vinteren. I tunet har dei reist vakre telemarksstabbur, med himmelsenger å sove i. Eit hardt slag var det då eine sonen, Are, omkom i ei trafikkulukke midt i tenåra. Eit års tid etter dukka dronninga opp, og etter å ha smaka på lefsene inviterte ho husfrua til slottet for å bake til jul. Det lysna. No har yngstesonen Olav teke over, og foreldra har flytt på kår, men dei hjelper til når det trengst.

Norsk dokumentarserie. 
Kvipt, ein tidlegare veglaus og fråflytt fjellgard i Vest-Telemark. Ein av dei som flytte frå garden i unge år, Åsmund Kvipt, vende tilbake med familien sin for ti års tid sidan, opparbeidde veg, vølte husa og bestemte seg for å bli bonde. I staden vart det turisme. No har han reist ei rad hus i gammal stil, og i eitt av dei, eit stabbur, har kona, Janne Sætre Fjellheim, keramikkverkstad. Sesong 2 (6:6)

Jon Skaar på Skåro (2007)

Jon Skaar levde på ein avsidesliggjande gard langt inne i ein arm av Hardangerfjorden. Einaste vegen han hadde, var ein bratt krøtersti frå fjorden og opp i tunet, 330 moh. Låg det utrygg is på fjorden, var han heilt isolert. Men det gjorde ingenting, sa han, for han var ikkje heimanfrå likevel. Han tok ein tur i året – for å klippe hår og skjegg hos ei dame i Øystese. Men mannen var ikkje oppteken berre av seg og sitt, om han heldt seg på garden. Han var kunnskapsrik, han var klok, og det han sa, var ord til ettertanke. Ei ung kvinne utanfor Oslo såg programmet om han og vart fengsla. Ho kontakta han, besøkte han, var hos han i jula, og dei planla å feire nasjonaldagen saman. Men så vart Jon alvorleg sjuk, og den dagen dei hadde avtala å møtast, 16. mai 2013, slokna han.

Norsk dokumentarserie. 
Skåro er ein einsleg, veglaus gard høgt over Fyksesund i Hordaland. Her lever ein mann att åleine, den meir enn 80 år gamle Jon J. Skaar. Og han har tenkt å bli, sjølv om stigen ned til fjorden ikkje er farande vintersdag, og sjølv den milelange fjordarmen iblant frys til, slik at mannen er fullstendig isolert. Det einaste selskapet han har, er to mårar. Sesong 5 (4:6)