Hopp til innhold

Slik protesterer Odd mot grøn jul

Då gradestokken viste sommartemperaturar på Sunnmøre, fann Odd Vinje Lind fram shortsen og plenklipparen.

Odd Vinje Lind klipper plen til jul

Odd Vinje Lind drøymer om kvit jul (foto: privat)

Mange på Nordvestlandet lengtar etter vinteren, men den glimrar med sitt fråvær. Måndag var det målt opp mot 16 varmegrader. Odd Vinje Lind frå Stranda er ein av dei som drøymer om kvit jul. Då han vakna opp til sommartemperaturar, starta han sin eigen protest mot vêret.

– Når temperaturen blir slik som dette og eg kunne tenkt meg å gå på ski, er det like greitt å klippe plenen, ler Lind.

Han leita fram shortsen og nisselua, før han starta plenklipparen. Kona filma seansen, som har fått stor merksemd i sosiale medium.

– Vanlegvis plar det ligge litt snø på plenen i desse tider, men no var graset faktisk så høgt at eg kunne klippe det, ler Lind.

Han innrømmer at han ikkje orka klippe heile eigedomen, men nøgde seg med ei stripe, for å markere sitt syn på grøn jul.

– Dei fleste her på Stranda er glad i snøen, seier Lind, som veit kva som står øvst på ynskjelista til jul.