Eit kvitt melisliknadene pulver, blanda med kumøkk og nokre andre næringsstoff, blir spreidd utover grasmarka. Resultatet gjer at gardbrukar Odd Christian Stenerud på Godøya sparar seg masse pengar.
Det er heile ni år sidan Stenerud oppdaga ein ressurs i fiskeindustrien som han tenkte kunne vere tilgjengeleg for landbruket lokalt.
Dei siste tre åra har han samarbeidd med ålesundsfirmaet Epax, Norsk Landbruksrådgivning Vest og Innovasjon Noreg. Det første feltforsøket var i 2020, og no har dei hatt tre forsøk.
– Det har vore frykteleg spennande, og eg er veldig glad for resultatet. For vår gard som er på 700 dekar, med vel 60 kyr, vil vi kunne spare rundt 170.000 kroner i året på å bruke dette stoffet, seier Stenerud.
– Sparar tid og pengar
Så til sjølve prosjektet. Hos Epax brukar dei urea når dei framstiller Omega-3 konsentrat. Urea blir brukt som nitrogengjødsel, og under prosessen med å reinse fiskeoljen, sit Epax igjen med ein rest, eit kvitt tørt pulver.
Slik ser Urea Gjenbruk ut.
Foto: PrivatDette biproduktet kallar dei «Urea Gjenbruk». Det blandar dei inn i husdyrgjødsel. Det blir spreidd utover, og graset sitt totale nitrogenbehov blir dekka.
– Resultatet av siste års forsøk viser avlingar på lik linje med bruk av fullgjødsel. No slepp vi å køyre ut så mykje kunstgjødsel, og sparer dermed arbeid og pengar, seier gardbrukar Odd Christian Stenerud som er dagleg leiar i Hogstein Agro.
Odd Christian Stenerud har vel 60 kyr på garden på Godøya.
Foto: Maria Kristina Vevang / NRKHøge prisar på kunstgjødsel
Norsk landbruksrådgiving Vest har teke grasprøver på garden på Godøya som viser det er høgt innhald av protein i graset.
Olav Martin Synnes i Norsk landbruksrådgiving Vest har teke jordprøvar på garden til Stenerud.
Foto: Privat– Gjødselprisane har meir enn dobla seg, så då er det er ekstra interessant å sjå på trygge alternativ, seier Olav Martin Synnes, som er rådgjevar for jordbruk.
Ukraina-krigen har pressa opp prisane på kunstgjødsel. Russland har vore ein av verdas største gjødseleksportørar. I tillegg har krigen ført til skyhøge priser på naturgass – som blir brukt ved produksjon av kunstgjødsel.
Eit gjennomsnittleg gardsbruk i Møre og Romsdal vil bruke om lag 16 tonn med kunstgjødsel i året. Prisen for dette var i 2020 litt i underkant av 50 000 kroner, medan prisen i mai i år har stige til om lag 180 000 kroner.
Meiner bøndene kan spare 40 prosent
Olav Martin Synnes trur fleire bønder kan gjere det same.
– Vi er overtydd om at med litt opplæring første året, kan fleire storfebønder bruke dette middelet, og spare ein del kostnader, seier han.
Det fyrste forsøket var på Godøya i 2020. Urea Gjenbruk blir blanda inn i husgjødsel og spreidd utover graset.
Foto: PrivatTidlegare har Omega-3 firmaet Epax eksportert urea ut av landet, til kornproduksjon og bønder andre stader.
– No får vi utnytta verdiane lokalt, og redusert transportlengda på biproduktet. Det er veldig kjekt at ein ser at det fungerer bra, seier Andreas Nordgreen, som driv med forretningsutvikling i Epax.
Landbruks- og matminister Sandra Borch meiner det er ein vinn vinn situasjon.
Landbruks- og matminister Sandra Borch syns det er svært bra om urea og andre næringsstoff som er til overs frå andre delar av samfunnet kan resirkulerast til jordbruket.
Foto: Dan Henrik Klausen– På denne måten blir overskotet gjort om til ein ressurs. Vi ser mange slike eksempel på at jordbruket er med å løyse samfunnet sine utfordringar, noko vi gjerne ser endå meir av, seier Borch.
På garden på Godøya trur Stenerud, at norske bønder kan spare opptil 40 prosent av gjødselkostnadene, og no håper han fleire vi nytte Urea Gjenbruk.
– Vi har så pass stor mengde at vi kan dekke rundt 30 -40 gardar av litt stor størrelse, så eg håper bønder i Møre og Romsdal vil sjå moglegheitene. Det er også mogleg å frakte det til Trøndelag, Vestland og Innlandet, men kortast mogleg reiseveg er jo målet.
Epax er godt nøgd med resultatet. Iver Lande Kvalsvik som er ansvarleg for berekraft i Epax, Odd Christian Stenerud i Hogstein Agro og Andreas Nordgreen som driv med forretningsutvikling i Epax.
Foto: Privat