Hopp til innhold

Oda kan døy av ein brødsmule

16 år gamle Oda Hildrestrand er hyperallergisk mot ulike matvarer. Ho forstår ikkje at folk som ikkje har behov for det, vel å gå på strenge diettar.

Oda Hildrestrand

Oda Hildrestrands største ynskje er å sleppe matallergien.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Handikapet hennar er ikkje synleg på utsida, men Oda Hildrestrand frå Haram må planlegge kvardagen heilt annleis enn dei fleste andre tenåringar. Gløymer ho skulematen heime, får ho ikkje kjøpt mat i kantina som er rein nok. Å gå ut og ete saman med vener er heller ikkje enkelt.

– Eg hatar allergien og føler at den øydelegg for meg kvar dag. Eg forstår ikkje at folk vil gå på strenge diettar utan at dei må, når eg sjølv prøver alt eg kan for å sleppe, seier Oda.

Alvorleg allergi

Foreldra forstod at Oda var allergisk då ho var berre nokre veker gamal. Med to storesystre som hadde både matallergi, eksem og astma, såg dei typiske teikn. Oda vart raud over heile kroppen og klødde seg til blods dersom mamma Kristin åt produkt med mjølk eller egg i då ho amma. Ho fekk også problem med pusten.

Seks månader gamal vart Oda testa for ulike matvarer gjennom prikktest på huda og denne gav store utslag. Opp gjennom åra har Oda blitt nøye oppfulgt av legar både frå Rikshospitalet og ved sjukehuset i Ålesund.

LES OGSÅ:

Eigen assistent i barnehagen

Oda Hildrestrand

Oda går i 1. klasse på vidaregåande. Ho er spent på korleis det blir å flytte for seg sjølv om nokre år og lage maten på eiga hand.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I barnehagen og på skulen hadde Oda ein eigen assistent som passa på at ho ikkje kom i kontakt med mat ho ikkje tolte. Ein smule på golvet kunne gjere at ho vart full av vablar og utslett. I tillegg fekk ho vondt for å puste.

– Mitt verste minne er då Oda var tre år og vart gitt mat med kveitemjøl i på sjukehuset, for å sjekke kor mykje ho tolte. Ho fekk ein alvorleg allergisk reaksjon og sjukepleiaren gret etterpå. Det var heilt forferdeleg, fortel Kristin.

Ho har ikkje tal på kor mange gongar 16-åringen har blitt lagt inn på sjukehuset opp gjennom åra på grunn av astma, eksem og allergi.

Kveitemjøl er livsfarleg

Oda er så allergisk mot kveitemjøl at ho kan døy, fordi ho hovnar opp i halsen og ikkje får puste. Tenåringen har alltid med seg to adrenalinpennar i tilfelle ho skal få anafylaktisk sjokk, som er ein livstrugande allergisk reaksjon.

Den kraftige allergien hennar gjer at ho har vanskar for å stole på at andre er påpasselege nok når dei skal lage mat til henne. Dersom ein kniv vert brukt i smør med brødsmular, er det nok til å gjere henne alvorleg sjuk. Ho er også svært allergisk mot egg og har i tillegg ei rekkje mindre alvorlege allergiar.

– Eg føler meg masete når eg må forsikre meg om at kniven er rein, seier 16-åringen. Også mjølstøv og steikeos kan føre til sjukehusinnlegging.

Vart ikkje invitert i selskap

I barndommen opplevde Oda å ikkje bli invitert i bursdagsselskap fordi foreldra til bursdagsbarnet ikkje visste kva dei skulle servere den allergiske jenta. For henne var det sårt. Ho ville jo berre vere saman med dei andre venninnene i selskapet og kunne godt ta med mat heimanfrå.

Det at det er vanleg å kutte ut matvarer som gluten, mjølk og egg får også andre konsekvensar for Oda.

– Eg har opplevd at folk ikkje trur at allergien min er så alvorleg, sidan dei sjølve også går på diett, seier Oda. Mamma Kristin har erfaringar med at folk meiner ho overdriv allergien til borna.

Må undersøkjast grundig

Roald Bolle er overlege ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og har skrive bok om allergi og matvareintoleranse. Han seier at det har vore ein auke i talet på folk som er allergiske, men også svært mange går på diettar utan at det er medisinske årsaker til det.

– Dei som har ein alvorleg allergi, kan bli mistrudd fordi det er så moteprega å gå på diett. Dermed får dei ein tilleggsvanske, seier Bolle.

Han møter mange som trur dei er allergiske utan å vere det. Overlegen har ikkje tal på kor mange gongar han har hjelpt pasientar tilbake til eit normalt kosthald, etter at dei har halde seg unna alle slags matvarer. Spesielt ser han at folk kuttar ut mjøl og gluten.

– Det er heilt naudsynt med grundige undersøkingar, slik at ein veit kva ein gjer. Ingen allergiske testar er heilt sikre, så legen må bruke desse saman med pasientens sjukdomshistorie, seier Bolle.

Har eit håp

No går Oda 1. året på dans og drama på Fagerlia vidaregåande skole og før skulestart måtte ho informere både medelevar og lærarar om sjukdomen sin. Mest av alt hadde ho lyst å late som ingenting og vere heilt normal, men fordi allergien er så alvorleg, måtte ho fortelje det.

Oda tenkjer mykje på korleis det blir når ho vert vaksen og skal flytte heimanfrå. Allergiane mot kveitemjøl og egg har ho fått beskjed av legane om at ho mest truleg ikkje vil vekse av seg. Sjølv har ho eit håp om at det skal betre seg.

– Eg vil ikkje vere allergisk. Eg er berre 16 år og er lei av den allereie, seier Oda.