Hopp til innhold

Oda (17) hamna på sjukehus etter å ha tygd tyggegummi med kveitemjøl i

For Oda Helen Hildrestrand (17) er mikroskopiske mengder kveitemjøl livstruande. Å leve heile livet med alvorlege allergiar gjer at ein blir forsiktig. Men denne gongen hjelpte ikkje det.

Oda Helen Hildrestrand

SKREMT: Oda Helen Hildrestrand (17) frå Hildre på Sunnmøre blei redd da ho kjente kroppen reagerte kraftig på ein jordbærtyggegummi. Når du opnar pakken tar du av merkinga. Det er for dårleg, meiner Forbrukarrådet.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det skal ikkje meir til enn litt os frå brødsteiking før det tettar seg i halsen for Oda. Får ho ikkje rask hjelp når allergien slår inn kan ho døy.

Laurdag var det like før. Søstera hennar hadde kjøpt ein pakke jordbærtyggegummi. Oda las på pakken, slik som ho alltid gjer, men der stod det ingenting om innhaldet.

– Det stod ingen ingrediensar på, berre at det var med jordbærsmak.

Problem med å puste

Oda Hildrestrand

Oda et ikkje som andre, men laktose- og glutenfrie knekkebrød er kanskje noko av det næraste normal mat ho kjem.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Eit par minutt etter at ho hadde putta tyggegummien i munnen kjende ho at noko ikkje var som det skulle vere. Kroppen vart rar og ho visste at ho reagerte på noko.

– Eg ringde butikken vi kjøpte tyggegummien hos og spurde om dei visste kva ingrediensane var. Sukker, glukose, kveitemjøl.. Då kjende eg eit stikk i magen.

Det er vanlegvis ikkje kveitemjøl i tyggegummi. Oda vart raskt dårlegare og mor hennar ringde etter ambulanse. Oda fortel at ho vart redd. Medan dei var i bilen ringde dei 113 og møtte ambulansen på vegen.

Oda Hildrestrand går musikk, dans og drama ved Fagerlia vgs.

Oda går musikk, dans og drama-linja på Fagerlia vidaregåande i Ålesund. Ho er oppteken av at ho kan gjere kva som helst trass allergien.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Eg vart nomen og det begynte å prikke i fjeset. Eg fekk høg puls, hyperventilerte og fekk problem med å puste skikkeleg. Det var ekkelt.

Då ho kom til sjukehuset fekk ho den medisinen ho trong. Pulsen var framleis høg og det var også blodtrykket.

– Ikkje godt nok

Tyggegummien som førte til sjukehusinnlegginga var «Roll'up». Ein liten raud boks produsert av Lutti i Frankrike. For å opne den må ein rive av ein lapp som går rundt boksen. Der står innhaldet.

Gunstein Instefjord i Forbrukerrådet

Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet seier at det skal vere mogleg å lese innhaldet etter at ein har opna produktet.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen

Oda var ikkje den første som tok ein bit tyggegummi ut av pakken – og dermed var lappen med innhaldet vekk. Fagdirektør for produkttryggleik for mat og handel i Forbrukarrådet, Gunstein Instefjord seier at alle matprodusentar skal merke produkta sine med allergen.

– Dette er ikkje godt nok. Merkinga skal vere tydeleg og lett å lese, og det skal vere mogleg å lese innhaldet etter at ein har opna produktet, seier Instefjord.

Roll up tyggegummi

Oda opna ikkje pakken sjølv, så når ho skulle ta seg ein bit var ikkje merkinga på lenger.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Oda opna ikkje pakken sjølv, så når ho tok pakken var merkinga med ingrediensane vekk. Ho stolte på at den merkinga som var på lokket var nok.

– Eg syns det er for dårleg merka. Det er ikkje garantert at den første personen som opnar boksa tar vare på lappen.

Ho seier at ho aldri hadde putta denne tyggegummien i munnen viss ingrediensane stod på produktet.

Alvorlege følgjer

Oda har levd heile livet med alvorlege allergiar. Ho toler heller ikkje egg, dei fleste nøtter, citrusfrukter og mjølk. Ho er heller ikkje den einaste i familien som reagerer på mat – men ho er den som har det verst.

Medisin for matallergi. Oda Hildrestrand holder den i hendene.

Oda har alltid med seg medisin i skulebagen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Eg tenker over det heile tida. Eg et veldig annleis mat enn andre og eg må alltid passe på kva eg et. Eg kan for eksempel ikkje ete frå salatbaren på skulen. Viss der er ein brødsmule kan det gå veldig gale.

NRK har ikkje lukkast i å få tak i produsenten av tyggegummien.