Petroleumstilsynet og ekspertar på flytande boreinstallasjonar gjekk i dag om bord for å finne årsaka til at boreriggen fekk skadar. Uveret på Haltenbanken var nemleg langt under grensa for kva ein slik installasjon skal tåle. To av åtte ankerfeste rauk i stormen ute på Haltenbanken. 23 av mannskapet blei evakuert, men ingen blei skadde.
Ocean Vanguard vil bli liggande i Kristiansund til han er ferdig reparert, truleg eit stykke ut på nyåret, seier prosjektleiar ved Vestbase, Stein Arve Olsen.
Store dimensjonar (Foto: Pål Kristian Lindseth)
Til venstre ser vi to av ankerfesta på boreriggen (Foto: Pål Kristian Lindseth)
Petroleumstilsynet og ekspertar på flytande boreinstallasjonar gjekk om bord for å finne årsaka til skadane riggen fekk (Foto: Pål Kristian Lindseth)