Ingar Bringsvor
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fuglemannen

Heilt sidan han var ein smågut har Ingar Støyle Bringsvor vore ein ivrig fuglekikkar. Dei siste åra har han hatt fulltidsjobb med å observere tilstanden til sjøfugl på Runde.

Ingar Støyle Bringsvor er omgitt av mørkeblått hav på alle kantar. Sola skin frå ein skyfri himmel og den gule kajakken glir lett gjennom det spegelblanke havet. Ingar er på veg til jobb og skal enno ein tur til holmane rundt heimstaden Sandsøya, som ligg ytst og lengst sør på Sunnmøre.

– Skal tru om det blir nokre ungar i år, spør han og rettar kikkerten mot ein av holmane.

Ein gong var det tett i tett med hekkande sjøfugl på desse holmane. No går det ofte lenge mellom kvar gong han finn reir eller ungar her.

Fugleinteresse frå ung alder

Fugleinteressa har han hatt i ei årrekke. Heilt sidan han var 7–8 år gamal har fuglelivet utanfor stovedøra vore den store lidenskapen.

– Eg observerer eigentleg fugl døgnet rundt heile året. Det er fuglar det går i, seier Ingar med eit smil.

Etterkvart som tida har gått har hobby blitt til jobb. No jobbar 27-åringen som feltobservatør for miljømyndigheitene. Han har følgt utviklinga tett i ei årrekke og fortel at oppteljinga frå år til år gir grunn til uro. Dårleg mattilgang og låg ungeproduksjon fører til stadig færre sjøfuglar.

– Det er ikkje mange år igjen før sjøfuglane er heilt borte dersom denne tendensen held fram. Det gjeld ikkje berre her, men også globalt. Det er ufatteleg kor mykje bestanden har gått tilbake, så det er ingen tvil om at sjøfuglen har ei hard framtid i vente.

Sjå heile Glimt av Norge-programmet om Fuglemannen på Runde her.

Siden han var smågutt har Ingar Støyle Bringsvor vært ivrig fuglekikker. De siste årene har det vært fulltidsjobb å observere tilstanden til sjøfuglene på Runde. Der har fuglebestanden blitt mer enn halvert de siste 20 årene. Blir det egg og unger i reirene i år?

Spent og uroa

Ingar Bringsvor

Ingar Støyle Bringsvor har vore interessert i fuglar sidan han var ein ung gut.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Tidleg i sesongen er Ingar på plass i lundeura på fugleøya Runde for å få ei oversikt over kor mange av fuglane som har kome tilbake. I starten av mai er kveldssverminga og reirbygginga framleis hektisk sjølv om fuglane i den bratte fjellvegen allereie har vore der i nokre veker.

– Fuglane er i gang med kurtiseringa og held på å drage gras inn i reira sine, forklarar Ingar og peikar mot lundefuglane som er i full aktivitet.

Han er både uroa og spent for årets hekkesesong.

– Det blir veldig interessant å sjå kor stor del av bestanden som er her i forhold til tidlegare år, om dei legg egg og om det kjem ungar i det heile tatt, seier Ingar.

Ingar Bringsvor

Ingar Støyle Bringsvor jobbar til dagleg som feltobservatør for miljømyndigheitene.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Blant dei største fuglefjella i verda

På midten av 1960-talet var det eit yrande dyreliv på fugleøya Runde. Då var det store koloniar av dei rundt 70 forskjellige artane som hekka der.

Lundefugler

Det har blitt stadig færre lundefuglar på Runde.

Foto: Therese Pisani / NRK

På starten av 90-talet gjekk talet på hekkande fuglar noko ned i forhold til 60-talet. Men det var framleis eit yrande liv på øya, som var den mest komplette i forhold til artar og mangfald. Lundekolonien var på det tidspunktet den største med rundt 200.000 fuglar.

Også krykkjene var talrike på starten av 1990-talet. I dag er det nesten ingen krykkjer igjen. For sjølv om Runde ligg heilt ute i storhavet, har matmangel ført til vanskar for fleire av artane som har hatt tilhaldsstad her.

– Det er verst for krykkjene, ho er nesten heilt vekke, seier Ingar.

No må Ingar til Ålesund dersom han vil oppleve ein større krykkjekoloni. Der har ein koloni etablert seg like ved eit fiskemottak i byen.

– Her har dei fiskeri å livnære seg på. I tillegg får dei tak i avfall frå mottaket. Eg trur det er noko av årsaka til at dei har etablert seg her, seier Ingar.

Fosterfar for krykkjeungar

Krykkje

Denne krykkjeungen fekk vakse seg stor og sterk heime hos Ingar.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Fuglane i Ålesund har etter kvart fått offentleg beskyttelse og er no verna. Men heller ikkje her er krykkjene heilt trygge. Både rovfugl og kattar tek for seg ungfuglar og ungar som er uheldige og ramlar ut av reiret. Heldigvis har dei Ingar som passar på dei. Han blir gjerne fosterfar for krykkjeungar som har ramla ut av reiret i Ålesund.

– Denne ungen hadde falt ned frå bergveggen. Hadde han blitt sittande på bakken hadde han truleg blitt tatt av kattar eller andre predatorar. Og det hadde ikkje eg hjarte til, så då tok eg den med heim.

I hendene held Ingar ein liten krykkjeunge som har fått flytte inn på badet heime hos han på Sandsøya. Der skal han få bu til han veks seg sterk og stor.

Dystre framtidsutsikter

Månadene går og i midten av august har krykkjeungen blitt både stor og utolmodig, og Ingar tek den med til kolonien i Ålesund for å sleppe den fri. Etter å ha ringmerka fuglen kastar han den opp i lufta og ser den flyge sin veg. Krykkja landar i eit av dei mange reira på fjellhylla og ser ut til å finne seg raskt til rette.

I Ålesund årets hekking over middels. På Runde er det derimot verre. I krykkjekolonien der er det nesten ingen som har fått ungar.

Hos lundane ser det heldigvis betre ut. Sesongen har vore over middels og bileta til Ingar viser velfødde ungar og foreldre som har hatt god tilgang til mat i havet. Gjennom heile sesongen har han målt, vege og dokumentert ungane i dei rundt 50 reira i kontrollfeltet.

– Det var ungar i seks-sju av ti reir. Det har ikkje vore markerte tap sidan sist og ungane er store og fine, seier Ingar.

Men framtidsutsiktene for sjøfuglane er framleis dystre.

– Ingen av oss kjem til å oppleve Runde slik det var, seier Ingar medan han speidar mot det som ein gong var det største fuglefjellet sør for polarsirkelen.

Lundefugl

Framtidsutsiktene er dystre for sjøfuglen.

Foto: Ingar Støyle Bringsvor
Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.