OBS-varsel aukar skredfaren

RAUMA/ÅLESUND (NRK) Måndag kveld er det venta meir nedbør i området rundt Mannen i Rauma. Det kan sette fart i eit eventuelt skred.

Oversikt over nedbøren i Møre og Romsdal det komande døgnet

NEDBØR: Biletet gir ei oversikt over nedbøren ved Mannen i løpet av det komande døgnet.

Foto: Meteorologisk institutt

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

NEDBØR: Statsmeteorolog Martin Granerød seier det er forventa store nedbørsmengder rundt Mannen i det komande døgnet.

Foto: NRK

Måndag sende Vêrvarslinga på Vestlandet ut eit OBS-varsel for Møre og Romsdal.

Årsaka skal vere at det frå måndag ettermiddag til tysdag kveld ventast store nedbørsmengder. Lokalt er det venta mellom 40–90 mm på 24 timer.

Vakthavande statsmeteorolog Martin Granerød seier at nedbøren som er venta i fyrste del av måndag vil kome som regn og snø over 1000 meter.

– Utover dagen vil derimot temperaturen stige. Då vil vi også få regn på toppen, seier Granerød.

Ifølgje Granerød er det venta om lag 50 mm nedbør i området rundt Mannen i løpet av det neste døgnet. Sjefgeolog Lars Harald Blikra i Åknes/Tafjord Beredskap IKS har tidlegare sagt at nedbørsmengdene blir utslagsgivande for når Mannen-skredet blir løyst ut.

– Det er umogleg å seie eksakt når skredet kjem, men fjellpartiet er såpass ustabilt at dersom det kjem mykje nedbør så kan det rase i løpet av dei komande dagane, seier Blikra.

Sjå vêrutviklinga ved Mannen.

Saka held fram etter biletet.

mannen

STORE BEVEGELSAR: Nedbøren gir stor skredfare ved Fjellet Mannen i Rauma i Romsdal. Her kan det komme 90 millimeter nedbør i løpet av det neste døgnet.

Foto: @Meteorologene / met

Opphaldsforbod under Mannen

Politimeisteren på Nordmøre og i Romsdal kom måndag med eit forbod mot å opphalde seg under det rasutsette fjellet Mannen i Romsdal. Nye målingar i fjellet viser at skredet kan kome snart.

Natt til måndag akselererte rørslene i delar av fjellet mellom tre og fem gongar meir enn det har gjort dei siste dagane. Hadde det kome meir regn, kunne skredet ha gått i løpet av måndag. Sidan det er meldt mykje nedbør, blir ikkje geologen overraska om skredet går innan 1–2 døgn

– Det skal lite nedbør til før bevegelsane aukar, understrekar sjefgeolog Lars Harald Blikra.

Ventar meir nedbør

Dei siste tre vekene har hastigheita på rørslene i fjellet «Mannen» i Rauma vore jamt høge. I øvre del av fjellet er det ei utgliding på 7–8 millimeter i døgnet. Geologane såg i går kveld og i natt at rørslene auka kraftig, då det kom mykje nedbør. Ein akselerasjon betyr at skredet nærmar seg. Så mykje som 120.000 kubikk med stein kan rase ut.

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet Mannen viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri

Under ei pressekonferanse måndag orienterte sjefgeolog Lars Harald Blikra om at dei søndag kveld fekk meldingar om at rørslene i fjellet hadde auka på etter regnet tidlegare på dagen.

– Vi er inne i ein nokså stabil situasjon akkurat no, men dersom vêrmeldingane slår inn, vil det auke på utover kvelden, seier Blikra.

– Er du overraska over at det endra seg så fort?

– Ja, eg er overraska over at det skal så lite nedbør til. Det pushar på ovanfrå, det held på å bryte gjennom barrierane. Fjellet er ganske svakt, seier Blikra.

Sjå direkte frå Mannen her:

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Sjå videoopptak frå Mannen.
Innsatsleiar Vebjørn Bale i politiet og Hallvard Østigård står ved foten av Mannen og venter på skredet.