I tillegg til mannen som omkom bodde det to personar i huset. Dei må finne seg andre stader å bu. I starten av brannen var det ikkje gjort greie for dei heller, men dei kom til rette og den eine blei sendt til sjukehus.
Naboane som blei evakuerte har fått flytta heim,
Brannårsaka er ikkje klar
Politiet har så langt inga formeining om kva som er årsak til brannen, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl. Han seier vidare at den tekniske undersøkinga ikkje kan starte før det har blitt kaldt i brannruinane. Det vil seie at brannetterforskarane kjem på staden over helga.
Tidleg i neste veke blir og den omkomne mannen obdusert ved St.Olavs hospital i Trondheim.
Blir obdusert
– Det er vanleg med obduksjon når identifiseringa ikkje er eitt hundre prosent, seier Kjøl.
Politiet har likvel ei formeining om at det er mannen som budde i huset som er død, og har med atterhald orientert dei pårørande.
Brannen blei meldt i 05.30-tida og gjorde at alle nødetatane rykte ut. Brannvesenet var raskt på staden, men opne flammar var å sjå eit par timar etter at brannen starta. Det var også mykje røyk i området i Molde sentrum ei tid.
Bustaden var overtent og har altså blitt totalskadd.