NRK Meny
Normal

Nyvald fylkesleiar for bøndene: – Småskalaproduksjon er framtida

Nyvald leiar i Bonde- og småbrukarlaget, Stein Brubæk frå Gjemnes, tar med seg eit internasjonalt perspektiv når han skal leie organisasjonen i Møre og Romsdal. Han meiner småskalaproduksjon er framtida.

Stein Brubæk

Stein Brubæk er nyvald leiar i Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg trur dei fleste bønder seg verksemda si som eit internasjonalt ansvar, eit ansvar for at folk skal ha nok mat og at det skal vere berekraftig matproduksjon i Noreg og i resten av verda.

Det seier Brubæk, som dei siste fem åra har leia organisasjonen sitt internasjonale utval.

– Det er ikkje dumt å ha med seg denne typen erfaring, men det viktigaste er å ta inn over seg dei utfordringane som finst i næringa, seier han.

– Må møte nye krav

Brubæk er opptatt av at det framleis blir produsert for lite mat i verda og at bøndene har ansvar for å følgje opp nye klimakrav

– Vi har forbrukarar som stiller krav til mellom anna at maten skal kunne sporast, og vi må komme dit at norsk landbrukspolitikk stimulerer til sunn og nok mat til norske innbyggjarar, og det er det lite av i dag, seier han.

– Men er det rom for småbruk i eit internasjonalt perspektiv, er det ikkje dei store, effektive bruka som er framtida?

– Tvert i mot. FN sin mat- og landbruksorganisasjon seier no at det er småskalaproduksjonen som er framtida. Dei store har for stort forbruk av sprøytemidlar, kunstgjødsel, dei transporterer mat over store avstandar. Det er nok mat i verda, men det er ikkje alle som får tak i den. Det er det som utfordringa i dag.