Å halde motivasjonen oppe

Vi er tre veker ut i det nye året. Byrjar det å bli tungt å halde nyttårsforsettet om å trene meir?

Det er neppe fullstendig gale å anta at «trene meir» står høgt oppe på mange sine nyttårsforsett-lister.

Mila Dittmann er privat trenar. Kvar einaste januar ser ho ein heil gjeng nye fjes kome inn dørene på treningssenteret hennar.

«Eg ser veldig ofte at folk kjem veldig motivert. Men trening er tungt, det svir og det gjer vondt, so dei mistar motivasjonen veldig fort»

Nett no, tre veker ut i året, er det mange som mistar motivasjonen til å trene, ifølgje treningsappen Strava.

Om lag 80 prosent mislukkast med nyttårsforsetta sine.

For Marianne Farstad er det å ha nokon å trene med, slik som PTen Mirela Jaromin, ein god motivasjon.

« Ein må på ein måte berre bestemme seg for at det er noko ein har lyst til å gjere, då. Og so er det å få foten over dørstokken.»

Arve Larsgård løftar vekter to gongar for dag. So og seie kvar dag. Det har han gjort i årevis.

– Kva gjer ein om motivasjonen byrjar dabbe av?

– Det er då du må halde ut, so kjem litt progresjon etter kvart, og so får du meir og meir lyst.

Larsgård finn treningsglede av å sjå framgang og av å lære om trening og sine eigne grenser.

«Eg trur du må kome i gang og sjå forbetring og kjenne det litt før du får glede av det. Før det er det berre eit ork og eit slit, og då er det lett å gje opp.»

«Ikkje gå for hardt ut, for det er det veldig mange gjer. Dei startar fem-seks gongar i veka og trur dei skal klare å halde det. Kanskje ein må tenkje at ein ikkje får resultat med det same.»

Madelen Valbø Enoksen

Og rutinar. Ikkje minst treng ein rutinar, fortel Enoksen.

«Det handlar ikkje om motivasjon, men om rutinar. Ein må ha ein plan, og so berre følgje planen.»

Mila Dittmann
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal