Hopp til innhold

Desse trivst best utan fyrverkeri til nyttår

Mange tobeinte gler seg til flott fyrverkeri på nyttårsaftan, men våre firbeinte vennar er heller skeptiske. Derfor vel mange eigarar å sjekke dei inn på hundepensjonat der slikt er strengt forbode.

Solhaug hundepensjonat

Ein aktiv dag ute på dagtid og ein roleg kveld er oppskrifta for ein hyggeleg nyttårsaftan for dei fleste hundar.

Foto: Solhaug hundepensjonat

Egil Fjellheim ved Solhaug hundepensjonat

Hundevennen Egil Fjellheim skyr fyrverkeri på nyttårsaftan.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Jula byr på travle dagar for eigarane av hundepensjonatet Solhaug Aktivitetsgård og Hundepensjonat i Skodje.

– Vi har ikkje tida til stort anna enn å vere her og jobbe, fortel Egil Fjellheim som driv hundepensjonatet saman med Maria Tandstad.

Må seie nei til fleire

Dagen før nyttårsaftan er det smekkfullt på pensjonatet med 50 hundar som gjestar.

– Jula har blitt storsesong for oss på lik linje med sommarferien. Vi har inntrykk av at folk reiser mykje på ferie i jula enn før. Det aukar på år for år. Nyttårsfeiringane har heile tida vore der, men også der har det vore aukande pågang, så somme gonger må vi dessverre seie nei til mange som ikkje kan få plass.

Mange av hundane har blitt sjekka inn på pensjonatet fordi dei er nyttårsredde og har behov for å kome seg vekk frå rakettar og støy.

Ein roleg nyttårsaftan

Solhaug hundepensjonat

Ikkje eit einaste bur eller rom er ledig over nyttårshelga på hundepensjonatet Solhaug i Skodje på Sunnmøre.

Foto: Solhaug hundepensjonat

Medan andre håper på ein høglydt og festleg aftan, er målet på hundepensjonatet å ha det så stille og roleg som mogleg.

– For vår del er nyttårsfeiringa er eigentleg ganske lik dei fleste andre dagar, seier Fjellheim.

Vi rundar av litt tidlegare enn elles, så vi droppar den kviletida som hundane har midt på dagen. Vi er ute og slit dei godt ut på dagtid, slik at dei søv veldig godt på kvelden og natta, legg han til.

Også inn- og utleveringstid på kveldstid vert droppa på nyttårsaftan for å skape ei roleg ramme rundt hundane.

Sender vekk ungane

I år må paret til og med sende vekk ungane for å sikre ein roleg nyttårsaftan.

– No begynnar dei å bli så store at dei har lyst til å sjå litt rakettar, så i år skal dei ut til ho svigermor på Lerstad, fortel Fjellheim.

– Så det vert ikkje noko rakettar på dokke altså?

– Nei, dårleg med det gitt. Vi har klart å halde ungane med stjerneskot i alle år, men no har dei begynt å mase på rakettar i staden for.

– Ikkje trøyst hunden!

Fjellheim fortel at redde og nevrotiske hundar kan stresse og utagere veldig når dei på støyande stader, men ta livet med knusande ro når dei er hjå dei – også på nyttårsaftan.

Solhaug hundepensjonat

Mykje aktivitet ute på dagen skal sikre at hundane søv godt forbi nyttårsrakettane i Skodje.

Foto: Solhaug hundpensjonat

– Mange har ein veldig travel nyttårsaftan fordi enkelte av hundane går av skaftet, blir veldig redde, stressa og kan tisse seg ut innandørs. Her ser vi at dei tek det roleg og søv i grunn gjennom heile nyttårsfeiringa, seier han.

Kva for råd har du til dei som har hunden heime hjå seg nyttårskvelden?

– Det beste er å gjere minst mogleg ut av det. Ikkje begynn å trøyste hundane, for då vert dei berre verre. Lat som ingenting og har gjerne på meir lys og kanskje ein radio ståande på, rår Fjellheim.

– Ha hundane gjerne i eit rom utan vindauge slik at dei slepp alle desse glimta og slike ting. Men for all del, ikkje begynn å trøyste dei for då trur dei at det er livsfarleg, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL