Hopp til innhold

Nytt treningssenter skal betre beredskapen

Operative øvingar i eit nytt senter i Ålesund skal gjere beredskapen i politiet betre.

Politiet opna i dag eit splitter nytt polititreningsbygg i Ålesund. Der skal politiet drive med operative øvingar. Dette er eit resultat av politiet si satsing for å betre beredskapen etter 22.juli.

SOM POLITI OG RØVAR: Politiet trenar operativt i sitt nye senter i Ålesund. Sjå fjernsynsinnslag frå treninga her.

Arne Lid Skodje

TRENAR I NYTT BYGG: Politiførstebetjent Arne Lid Skodje seier politimannskapet er motivert for treninga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er litt som politi og røvar, men alvoret er til stades for politiet på Sunnmøre. Senteret på Aspøya i Ålesund blir omtala som det beste i landet for øving av politi.

– Her er det trening på polititaktikk i bygg, seier politiførstebetjent Arne Lid Skodje i Sunnmøre politidistrikt.

– Mannskapet er motivert

– Slik får me trening i å søkje etter farlege gjerningsmenn i hus, fortel han.

Inne er det mogleg å øve på realistiske situasjonar. Dei mange romma gjer at treningsvillige politifolk kan trene godt.

– Mannskapet er motivert, hadde dei ikkje vore det, så hadde dei ikkje heldt på slik som her, seier Skodje.

  • Sjå fjernsynsinnslag frå øvinga øvst i artikkelen.

– Det er viktig å trene for å sjå at taktikkane fungerer i praksis, seier Skodje.

Må kunne handtere situasjonen sjølv

Torsdag kveld var politimeister Steven Hasseldal gjest i fjernsynssendinga til NRK Møre og Romsdal.

– Dette er viktig for å byggje ein god beredskap på Sunnmøre, seier politimeisteren.

Mannskapet også her må vere i stand til å løyse skarpe oppdrag forklarer han.

– Me er ein stad der me må handtere oppdraga sjølv dei fyrste timane, og då må me vere i stand til det, seier han.

  • Sjå heile intervjuet med Hasseldal nedst i artikkelen.

– Det er ei trygging for oss sjølve

– Det er treninga som gjer at me får innarbeidd rutinane, seier beredskapsplanleggar Janne Garnes Nilsen i Sunnmøre politidistrikt.

– Me liker det, det er ei trygging for oss sjølve, seier ho om treninga.

– Søk etter ein farleg gjerningsmann kan bli veldig farleg for oss, difor er det veldig viktig at me kan det, seier Arne Lid Skodje.

Steven Hasseldal fortel om det nye treningsbygget til politiet i Ålesund.

Steven Hasseldal om nytt treningsbygg