Det var lite som stemte då AaFK skulle få sin første siger på lang tid. Etter 34 minutt tok Sogndal leiinga, og den heldt dei heilt til dommaren blåste av kampen.
Aalesund klarte aldri å legge særleg trykk på forsvaret til sogningane.
– Det er ein blåkopi av kampen mot Sogndal i sommar. Dei scorar først og vi slit med å produsere målsjansar, seier Trond Fredriksen til Eurosport etter kampen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dei forsvarer boksa si på ein fantastisk måte og vi klarer ikkje å finne ut av det.
– Når Papazoglou må ut har vi dessverre ikkje dei spelarane som skal til for å bryte ned forsvaret deira. Det er ekstremt surt, seier AaFK-trenaren.
Aalesund har sju kampar igjen av Eliteserien, og Fredriksen seier dei må opp på hesten allereie frå i morgon av.
– Det er brutalt og tøft som faen, sa ein tydeleg skuffa Fredriksen.
EITT MÅL: Eirik Schulze scora vinnarmålet for Sogndal etter berre 34 minutt.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix– Dette fungerer ikkje
– Det var tungt, seier ein kortfatta Mos til Eurosport.
Spissen hadde fleire sjansar til å utlikne, men det ville seg ikkje.
Ved ei anledning fekk han godt med både tid og rom, då ballen blei lagt inn på bakarste stong. Ballen gjekk på innsida av stonga før den spratt ut igjen i feltet.
– Vi må vinne no. Vi må trene for å få til spelet vårt, for dette fungerer ikkje.
– Vi må komme til fleire sjansar enn det her, seier spissen.
FUNGERER IKKJE: Mostafa "Mos" Abdellaoue meiner at spelet ikkje fungerer.
Foto: Blom, Christian / NTB scanpixSeks minutt tillegg
Sogndal hadde aldri hastverk med å sette i gang spelet, og det blei mykje piping frå tribunen og irritasjon frå sidelinja.
Dommaren gav aldri kort for uthaling av tid, men la til heile seks minutt.
Frustrasjonen lyste frå Fredriksen då Chidiebere Nwakali blei liggande etter ein duell på overtid.
Men overtida spelte til slutt ingen rolle. Aalesund kom aldri noko nærmare poeng denne kvelden, og ligg berre tre poeng over Tromsø, på direkte nedrykk.
– Vi står med begge beina i botnstriden, men det er opp til oss sjølve. Jobbar vi hardt nok skal vi klare å halde oss i Eliteserien, seier Trond Fredriksen.
AaFK står med ni kampar utan siger, når det står igjen sju kampar igjen av Eliteserien.
– No må hovudet opp og brystkassa fram, for vi skal jobbe steinhardt for å snu dette.