Nytt styre i forfattarlaget

Møre og Romsdal forfatterlag, som blei stifta for to år sida, har valt nytt styre, og Angela Hagen (bak i bildet) blir ny leiar. – At forfattarar står samla i møte med ein stadig tøffare bokbransje, er viktigare enn nokon gong, seier Hagen i ei pressemelding. Styret består elles av Svein Sæter, Odd Goksøyr, Joakim Hunnes og Kristin Maridal.

Møre og Romsdal forfatterlag
Foto: John Roald Pettersen