Hopp til innhold

– Det er for at ein skal forstå at fjella er farlege

Torsdag vart det nye vitensenteret for kraft og skred opna i Tafjord. Her skal besøkande lære om tyngdekraft og naturkrefter og få opplevingar som både er opplysande og skremmande.

Torsdag ble det nye vitensenteret for kraft og skred opna i Tafjord. Her skal besøkande lære om tyngdekraft og naturkrefter og få opplevingar som både er opplysande og skremande.

Sjå TV-reportasjen frå det nye vitensenteret for kraft og skred i Tafjord i Norddal.

Alvorlege rasulukker og sterke naturkrefter blir lettare å forstå på det nye vitensenteret for ras og kraft i Tafjord. Torsdag var det offisiell opning.

Sterke naturkrefter

Astor Furseth

Astor Furseth har skrive fleire bøker om skredulukker og er initiativtakar bak det nye skred- og vitensenter i Tafjord.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er for at ein skal forstå fjella og at dei er farlege, slik at ein kan førebyggje, forklarar lokalhistorikar og initiativtakar Astor Furseth.

15 år med planlegging og hardt arbeid har det teke før Vitensenteret for kraft og ras no er ein realitet nettopp der kor folk har opplevd naturkreftene. På godt: gjennom vasskraft og straumproduksjon, og på vondt: Då mange menneske i bygda miste livet under ei stor skredulukke i 1934.

– Naturkrefter i form av vatn som blir temja i røyr er kontrollert, medan eit skred aldri kan temjast, seier Furseth.

I stadig utvikling

Moderne teknologi skal gje besøkande innsikt, opplysningar og opplevingar. Med kunnskap om nye naturkatastrofar vi veit vil kome, skal vitensenteret gje opplysningar om kva som vil skje.

– Besøkjande vil kome frå ei roleg og harmonisk bygd med fuglekvitter og slikt, men når dei kjem inn i rommet om Tafjord-ulukka vil dei bli møtt av eit kraftig vindkast såpass ein får bakoversveis. Det er trykkbølgja frå tsunamien som skal kome, forklarer Furseth.

Frå fredag kan publikum kome og lære om naturkrefter og katastrofar som har vore og vil kome, sjølv om vitensenteret ikkje er helt ferdig.

– Vi kjem aldri til å bli ferdige. Det kan eg trygt love. Vi skal utvikle dette heile tida. Om ein månad kan mykje vere annleis allereie, smiler han.

Fornyar kraftutstillingar

Vitensenteret held til i den gamle kraftstasjonen der det i mange år har vore museum. Utvidingane er eit spleiselag til 12 millionar kroner mellom Norddal kommune, fylket og kraftselskapet som no trur på auka besøkstal.

– Vi er nøydde til å fornye oss og få fleire bein å stå på. I same slengen kjem vi no til å freshe opp kraftutstillingane vi har her sidan det også er viktig for oss å formidle kraftproduksjonen vi har hatt her sidan 1923, seier administrerande direktør Stig Falling i Tafjord Kraft produksjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL