NRK Meny
Normal

Nytt rådhus på veg i Volda

Etter den dramatiske eksplosjonen og brannen i 2010 er det ikkje lenge att før kommunetilsette i Volda kan flytte inn i rådhuset på ny.

Etter snart fire år med tronge kår ser dei kommunetilsette i Volda snart lyset i enden av tunnelen. Arbeidet med den nye rådhusdelen nærmar seg slutten.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Prosessen med å få nytt rådhus i Volda er godt i gang.

Rune Sjurgard ved det nye rådhuset i Volda

Administrasjonsjef i Volda kommune, Rune Sjurgard, gler seg til det nye rådhuset vert ferdig.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter snart fire år med tronge kår ser dei kommunetilsette i Volda snart lyset i enden av tunnelen. Arbeidet med den nye rådhusdelen nærmar seg slutten.

Før jul vert det innflytting og administrasjonssjefen vedgår at det har teke alt for lang tid etter den dramatiske eksplosjonen og brannen i 2010.

– Dei har vore utruleg tolmodige, seier administrasjonsjef Rune Sjurgard om dei som har venta på det nye rådhuset.

Framleis er det utfordringar som står att før huset står heilt ferdig, men håpet er å kunne flytte inn om ikkje altfor lenge.

Sjå meir i TV-reportasjen over.