Nytt parti i Møre og Romsdal

Ein 19 år gammal IKT-lærling er frontfigur for eit nystarta politisk parti i Møre og Romsdal.

Elin Kristin Dyb

19 år gamle Elin Kristin Dyb frå Godøya i Giske er leiar for det nyoppstarta fylkeslaget for Piratpartiet i Møre og Romsdal.

Elin Kristin Dyb er valt til leiar/kaptein i fylkeslaget for Piratpartiet i Møre og Romsdal. Ho kjem frå Godøya, og er IKT-lærling ved Borgund v.g. skule i Ålesund.

- Dette er noko eg brenn for, seier 19-åringen til NRK Møre og Romsdal. Ho fortel at fylkeslaget har ni medlemer, og vil satse på å stille eiga liste til stortingsvalet til hausten.

Kjem frå Sverige

Piratpartiet har sitt utspring i det svenske søsterpartiet med same namn, og vart nyleg godkjent i partiregisteret.

Den nyvalte fylkesleiaren har vore ein pådrivar for at partiet skal få eit fylkeslag i Møre og Romsdal.

Piratpartiet i Noreg uttaler at dei vil forandre det politiske landskapet ved å basere politiske avgjerder på direktedemokratiske prinsipp og gå føre med eit godt eksempel.

All kommunikasjon og behandling av saker foregår i åpne forum, som alle kan få tilgang til for å sjå korleis den politiske prosessen foregår.

I Møre og Romsdal vil Piratpartiet arbeide aktivt for å få fleire medlemer, og å rekruttere folk til stortingslista.

Stemmesystem på nett

Dei vil arbeide for eit ope og fritt internett, med styrka personvern og ytringsfridom, skriv dei i ei pressemelding.

Piratpartiet brukar eit stemmesystem, Liquid Feedback, som blir brukt til alle politiske saker som er på dagsordenen, med unntak av kjernesakene.

På oppstartsmøtet i Ålesund vart Stian Færøy frå Volda valt til nestleiar/styrmann. Robin lange frå Molde er styremedlem.