NRK Meny

Nytt omsorgssenter snart på plass

Landets rikaste kommune, Aukra, har bruk 210 millionar kroner på det nye omsorgssenteret sitt på Falkhytten.
Om to veker er det innflyttingsklart og 50 eldre får flytte inn. Kommunen tek i bruk ny teknologi for å lette kvardagen for både pasientar og tilsette. – Dette blir kjempebra. Det blir eit løft både for dei som skal bu og jobbe her, seier Nina Tomren, einingsleiar for Heimetenesta i Aukra.

Aukra omsorgssenter
Foto: Roar Strøm / NRK