Nytt møte om autopass

Prosjektleiar i Autopass for ferjer, Dag Hole, arbeider framleis for ei felles ordning for riks- og fylkesferjene. Nyleg vedtok Vestlandsrådet å utsette innføringa av ordninga til nyttår. Hole vedgår at det har skapt utfordringar, og Vegdirektoratet har bede vestlandsfylka om eit ekstraordinært møte for å få avklart situasjonen rundt bruk av autopass på fylkesferjene.

Prosjektleiar for Autopass for ferje, Dag Hole.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK