NRK Meny

Nytt medisinsk hjelpemiddel

Ei ny analyselinje på Avdeling for medisinsk biokjemi ved Ålesund sjukehus blei opna i dag. Deler av dette analyseutstyret er Ålesund først i Noreg til å ta i bruk. Systemet automatiserer prøvehandtering og lagring av blodprøver. Kvar månad kjem over 100 000 testar til å bli analyserte her.

Ny analyselinje blir tatt i bruk
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK