Overgangen frå eliteseriespel til 3.divisjon er stor for Lasse Olsen og Karl Oskar Fjørtoft. Fjørtoft spelte for Hødd frå 1993-sesongen, og debuterte i Eliteserien i 1995. Etter det spelte han mange sesongar i Molde FK, før han hadde suksess i Allsvenskan med Hammarby. Og karrieren på toppnivå vart altså avslutta hos tangotrøyene i AaFK i fjor.
Lasse Olsen var ein suksess i Strømsgodset, der han spelte frå 1997 til 2004 før han kom til AaFK. Han vert for alltid historisk i klubben etter som han scora dei første måla på Color Line Stadion i opningskampen der mot Odd Grenland.
I tillegg til desse to er det mange andre kjende spelarar i den ferske 3.divisjonsklubben som har imponert i treningskampane.
Vegard Holand er tilbake i moderklubben etter å ha spelt for Hødd i 1.divisjon. Det same er Thomas Pedersen som var i stallen til AaFK i fjor. Den gamle AaFK og Hødd-spelaren Eirik Hoseth er dagleg leiar og med på treningane.
Juniorar
I tillegg til desse er det mange lovande juniorar i klubben. Rune Ulvestad
som er kjent frå spel for Molde FK og AaFK på 80-talet er trenar for klubben. Målet er å utvikle enkeltspelarar, seier den tidlegare spissen.
Tunisia
Og denne helga reiser spelarane på treningsleir til Tunisia, eit opplegg som spelarane betalar sjølve. Og opningskampen for Herd er mot den gamle byrivalen Rollon. Ifølge Ulvestad har ikkje Herd ambisjonar om å verte den nye nummer-to klubben i Ålesund.