NRK Meny

Nytt liv for Antonbua

Sp-ordførar Odd Helge Gangstad i Midsund er optimist på ei framtidig løysing for Antonbua. Det har vore strid om den over 100 år gamle sjøbuda i mange år. Naustet like ved er rive, sentrumsområdet skal bli bygd ut og Antonbua skal bli oppgradert. Det er sett i gang ein arkitektkonkurranse, og første jurymøtet er i morgon. Gangstad tror Antonbua får ny fasade og nytt tak, men at mest muleg blir bevart med skifertak og same front som i dag.

Video Kulturminne til forfall
Foto: Nyhetsspiller