Hopp til innhold

Nytt kraftverk på Gyl

Gyl Kraft AS har fått løyve av NVE til å byggje Gyl kraftverk og regulere Gylvatnet i Tingvoll med ein meter.

Gylvatnet
Foto: Odd-Arild Bugge/Tingvoll kommune

Kraftverket skal produsere rundt 5 GWh i året - nok straum til 250 husstandar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat meiner at med dei vilkåra som er sette, vil fordelane ved utbygginga vere større enn ulempene, både for allmenne og private interesser. 

Jamnare vassføring

Utbygginga medfører lågare vassføring i Gylselva, men det blir mindre variasjon i vassføringa enn i dag. Den eksisterande demninga lek, og det gjer at vasstanden i elva er låg i tider med lite tilsig.

Av omsyn til landskapsopplevinga og storlom som hekkar ved vatnet set NVE krav om at Gylvatnet skal ha den høgaste regulerte vasstanden frå 1. mai til 31. august.

Motstand

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gått imot utbygginga av Gylelva. Dette er eit mykje brukt turområde, og forbundet meiner at reguleringa av Gylvatnet gjer stor skade både på friluftsliv og natur. 

 

Betongdammen ved Gylvatnet
Foto: Odd-Arild Bugge/Tingvoll kommune

 

Viktig energikjelde

Dette blir det fjerde kraftverket i Gylelva, fortel grunneigar Einar Gjul. Sist det var bygd kraftverk, var omkring 1930. Betongdammen som står der i dag, blei reist då. Dette kraftverket blei nedlagt i 1950-åra. Elles har elva vore brukt til å drive både sagbruk og kverner.

 

Gammal stokkdam, Gylvatnet
Foto: Odd-Arild Bugge/Tingvoll kommune

 

Eldgammal stokkdam

No i august blei Gylvatnet tappa ned av frykt for at betongdammen ikkje skulle halde. Etter nedtappinga blei det funne restar av ein stokkdam som må vere svært gammal, og som viser at elva har vore brukt som energikjelde i uminnelege tider.