Hopp til innhold

Nytt innbrot kvar dag denne veka

Natt til torsdag hadde tjuvar igjen vore på ferde og brote seg inn i to barnehagar og eit klubbhus i Vestnes. Dette er det siste i ei rekkje barnehageinnbrot i Møre og Romsdal den siste tida.

Innbrudd barnehage Vestnes

Natt til torsdag braut nokon seg inn i to barnehagar i Vestnes. I ein av barnehagane tok tjuven/tjuvane seg inn døra. Ingenting vart stole.

Foto: Marianne Kvaløy Skjæran

Robert Hjelmeset, etterforskningsleiar i Sunnmøre politidistrikt, ser ikkje bort ifrå at det kan vere ein samanheng mellom dei mange barnehageinnbrota som har ramma fylket den siste tida.

– Det er ein av teoriane vi utforskar, men vi veit enno ikkje noko sikkert. Faktumet er at det har vore veldig mange innbrot, og det er ein viktig del av vurderinga, seier han.

– Saka er framleis under etterforsking og vi følgjer opp alle spor, held han fram.

Både natt til onsdag og natt til torsdag har nokon gjort innbrot i fleire barnehagar i Rauma. Også Nordmøre og Romsdal politidistrikt vurderar at det kan vere ein samanheng mellom innbrota.

– Vi ser innbrota i samanheng med dei her og dei i Vestnes, seier Jan Helge Kjøl, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Innbrot kvar dag denne veka

Sunnmøre politidistrikt etterforskar no ein rekke innbrot fleire stadar i fylket. Også i Nordmøre og Romsdal har det vore barnehageinnbrot den siste tida.

Innbrudd Ellingsøy barnehage

I april braut tjuvar seg inn i ein barnehage på Ellingsøya.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Denne veka har det vore meldt om eit nytt barnehageinnbrot kvar dag.

Natt til onsdag hadde vedkomande brote seg inn i ein barnehage på Åndalsnes. Der blei det stole eit pengebeløp.

Måndag kunne Sunnmøre politidistrikt melde at det hadde vore eit grovt innbrot i ein barnehage i Langevåg i løpet av helga. Der blei det stole eit lite pengebeløp.

Tysdag hadde tjuvar igjen vore på ferde og brote seg inn i ein annan barnehage i Sula. Også der var det snakk om eit grovt tjuveri.

– Det var blant anna stole diverse datautstyr, seier Hjelmeset.

Fleire innbrot

Også i løpet av våren har det skjedd ein rekke innbrot i ulike barnehagar. 9. juni braut tjuvar seg inn i ein barnehage i Fremmerholen i Ålesund. Der vart det stole eit mindre pengebeløp.

Både i april og mai var det fleire innbrot i barnehagar på Ellingsøya, og i april undersøkte politiet innbrot ved to barnehagar og eit klubbhus på Ellingsøya og i Tennfjord.

Etterforskingsleiaren vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til at tjuven eller tjuvane gjer innbrot i barnehagar, men seier det truleg har noko med plasseringa å gjere.

– Barnehagane ligg ofte isolert eller på plassar der det ikkje er mykje folk. Det gjer dei meir tilgjengeleg, seier Hjelmeset.

Sikre verdiane

Hjelmeset oppmodar barnehagane til å sikre verdiane sine.

– Ikkje oppbevar verdisaker i barnehagen. Overvakingskamera kan også vere ein god måte å sikre seg på, seier han.

Politiet tek innbrota på alvor, men har så langt ingen klare spor i saka.

– Vi ønsker tips dersom nokon har sett eller veit noko, seier Hjelmeset.

Har du tips? Kontakt politiet på 02800.