Hopp til innhold

Nytt hjelpemiddel skal bidra til å redde liv

Frå og med 15. august får innbyggarane i Møre og Romsdal tilgang til journalane sine på nett. Det skal gjere det tryggare for brukarane.

Helsepersonell med båre

ILLUSTRASJONSFOTO: Frå og med 15.august kan innbyggarar i Møre og Romsdal få tilgang til kjernejournalane sine på nett.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

– Kjernejournalen er ein ny elektronisk teneste som samlar opplysningane som er viktige for helsetilstanden til pasienten. Særleg dersom du får behov for akutthjelp og blir lagt inn på eit sjukehus som ikkje kjenner deg, seier seksjonsoverlege ved sjukehuset i Ålesund, Erik Dyb Liaaen.

Nettbaserte kjernejournaler med pasientopplysningar skal lette informasjonsflyten i helsevesenet.

– I dag er det mange som trur at vi i helsevesenet kan sjå pasientopplysningar på tvers av sjukehus og fastlegar, men det kan vi altså ikkje, seier Dyb Liaaen.

– Det å ha ein kjernejournal er eit viktig tiltak for å kunne sikre rask tilgang til livsviktig informasjon, held han fram.

Brukarane må hjelpe til

Journalsystemet skal takast i bruk av både fastlegar, sjukehus og anna helsepersonell.

Kjernejournalane skal ikkje erstatte det gamle journal systemet men fungere som eit hjelpemiddel som gir helsepersonell raskt innsyn i pasienten sin medisinske journal. Den samlar dei viktigaste opplysningane, som allergiar og liknande.

Liaane fortel vidare at det er viktig at brukarane hjelper til dersom kjernejournalane skal fungere optimalt.

– Eg vil oppfordre folk til å ha eit aktivt forhold til kjernejournalen, logge seg inn å fylle ut viktig informasjon om eigen helsetilstand, seier han.

– Då sikrar ein at helsepersonell får rask tilgang til pasientinformasjonen dersom det skulle oppstå eit akutt behov, held han fram.