Hopp til innhold

Nytt håp for Raumabanen

I desember skal godstrafikken på Raumabanen leggast ned, men eit møte med Samferdselsdepartementet har gitt håp om at godstoga blir berga.

Godstog

Transportøren Green Cargo har varsla at det blir slutt på godstrafikken på Raumabanen i desember. No håper kommunen at vedtaket blir omgjort.

Foto: Leif Johnny Olestad

Etter at transportøren Green Cargo varsla at det er slutt på godstog på Raumabanen frå 9. desember, har det vore ein kamp for å behalde godstrafikken. Denne veka var ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad (H), i møte med Samferdsledepartementet saman med fleire politikarar og saka ser lysare ut.

– Vi er meir optimistiske enn vi var tidlegare. Vi har eit håp om at der er ei lysning, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Det var Gudbrandsdølen dagningen som ført omtalte saka.

Slit med lønsemda

Ønsker hydrogentog

Lars Olav Hustad og Helge Orten har vore i møte med Samferdsledepartementet. Dei er optimistiske.

Foto: Roar Strøm / NRK

Green Cargo slit med å få lønsam drift på grunn av rammevilkåra og auka utgifter. Hovedproblema er tilhøva ved Alna bru i Oslo. Transportøren må gjere store investeringar og treng to nye årsverk for å oppretthalde drifta ved Raumabanen. Hustad håper at Jernbaneverket skal betre rammevilkåra til Green Cargo, etter engasjementet frå politikarane og Samferdsledepartementet.

Green Cargo seier til Gudbrandsdølen dagningen at dei jobbar for å få tildeling av spor slik at dei kan auke godsmengden på Raumabanen.

– Med eit nytt køyremønster ser vi store moglegheiter til å kunne auke godsmengda på jernbanestrekninga, seier administrerende direktør Kjell Owrehagen i Green Cargo.

Fryktar for arbeidsplassane

Eit samla Storting har tidlegare støtta opp omkring målsetjinga om å få meir gods frå veg til sjø og bane. For Rauma kommune er det viktig å behalde godstrafikken. Sjølv om det er berre nokre få arbeidsplassar som er direkte knytt til terminalen, er mange av bedriftene på Åndalsnes nettopp bygt opp kring logistikk og transport. Ordføraren fryktar at desse kan forsvinne dersom godtoga blir lagt ned.

– På lang sikt kan det ha store konsekvensar på talet på arbeidsplassar. Det er snakk om at 150 arbeidsplassar kan bli råka, seier Hustad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL