Nytt håp for godstrafikk

Fleire aktørar innan transportbransjen garanterer no for at dei vil sende minst 32 containerar på kvar avgang dersom godstrafikken blir tatt opp att på Raumabanen.

Det vart klart under eit større møte på Åndalsnes i dag, der også det svenske transportselskapet Green Cargo, som var dei som sist køyrde godstog på Raumabanen, var til stades.

Det foreløpig siste godstoget gjekk på Raumabanen i desember i fjor, men det blir no jobba hardt for å gå det i gang igjen.