Unionsstriden
Den 1. mars søkte regjeringa Hagerup avskil. Statsminister Hagerup ville forhandle med svenskane, men regjeringa hans var splitta, og den 11. mars skipa Christian Michelsen ei samlingsregjering med eitt einaste punkt på programmet: einsidig norsk aksjon i konsulatsaka, vel vitande om at dette kunne føre med seg ei oppløysing av unionen.
Stå saman!
Den 7. mars er det eit dikt av diktarpresten Anders Hovden som dominerer førstesida i Sunnmørsposten. ”Staa saman!” er tittelen, og ingen av lesarane var i tvil om kva diktaren hadde i tankane. Siste verset er slik:
Ja, lat oss staa saman med herd attved herd,
staa saman i ord og staa saman i gjerd!
Ein vilje skal fylla oss alle, eitt mod:
Aa verja vår æra, ja, um det krevst blod!
Folkemøte
Folkemøta om unionssaka held fram rundt om i by og bygd. I Ålesund møter 500 kvinner og menn fram til eit slikt møte; det er langt frå plass til alle. Dei gjer eit samrøystes vedtak der dei ber Stortinget opprette eit eige norsk konsulatvesen straks.
I Bud samlar dei seg også; og i Romsdals Budstikke kan vi lese vedtaket:
250 kvinner og menn, samlet til møte i Bud 12. mars, uttaler enstemmig sin fulle tilslutning til kravet på rask handling til konsulatsakens gjennemførelse.
Johanne Vad - "Telefon-Johanne" - styrte sentralstasjonen på Sjøholt i rundt 25 år. Fotograf: Tore Gjære d.e. Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.
Turistbygda manglar telefon
Men kvardagslivet går sin gang uavhengig av storpolitikken. I Geiranger arbeider Hotell Union med utviding til sommaren. Taket er løfta, og ei rekkje nye rom blir innreidde, 12 av dei med veranda. Med dagleg dampskipssamband skulle dei no vere godt rusta til turistsesongen, berre det kunne komme telefon til bygda. Hotellvert Mjelva har arbeidd hardt for det, og vonene er der, men telegrafstyresmaktene ønskjer sikker garanti for anleggssummen.
Meiningslaus valordning
Kommunestyret i Molde sender brev til Stortinget der det blir klaga over ”den meningsløse ordning”, som Budstikka kallar det, at Molde må velje stortingsmann saman med Ålesund. Det er nemleg slik at byane ikkje vel stortingsmenn saman med landdistrikta. Kristiansund har sin eigen stortingsmann, men Molde og Ålesund må velje ein i lag. Det kan ein ikkje leve med, meiner dei i Molde, for dei to byane har motstridande interesser i mange høve. No ber Molde om at det blir gjort ei endring slik at dei kan velje stortingsmann i lag med områda omkring byen.
Måndalingar på bjørnejakt
I dag er det fotballspelarar og Idol-deltakarar som er tidas heltar. I 1905 var det bjørnejegerar. Fredag 17. mars blei det skote ein vaksen hanbjørn i fjellet ovanfor garden Engen i Innfjorden. Det var fem karar frå Måndalen som hadde følgt etter bamsen over fjellet. Til slutt barst det ned den stygge fjellkløfta ”Heggesvøra”. Nedi bratthenget ser dei noko dei først trur er ein mosevaksen stein, men så rører steinen seg:
Der var nu kun ett at gjøre: øyeblikket var spent, sersjant K. Venaas telte til 3 og salven lød som ett skudd. Bamsen gjorde nu noen kast og ble borte en liten stund, men kom atter til syne nede i skogen, ca. 4-500 meter fra skytterne. Den ble nu forfulgt og snart innhentet av skytterne, hvorpå A. Venaas ga den nådestøtet ved et skudd gjennem nakken.
Bjørneskrotten kom til byen mandag og sendtes i går til Bergen. Tross smal vinterkost var bjørnen i utmerket godt hold. Fellen var meget smukk og verdifull.
På Nordmøre er det eit heilt anna heltestykke som hamnar i avisa, dvs. Romsdalsposten:
Heltemodig kone
En mann fra Ålesund kom i vinter med en gutt hvormed han skulle til ledd-doktor Storløkken i Bæverdalen. De fikk en gutt fra Hakstad til å skyve seg på en kjelke på sjøisen innover Hamnesfjorden, og alt gikk godt innover.
På tilbakeveien gikk kjelken med alle tre gjennem isen utenfor Sandnes. Her var konen Ingeborg alene hjemme. Hun hører nødropene og springer så hurtig hun kan ned til sjøen og får i nøstet tak i et tau, vader så utover gjennem den sprøde is til hun rekker at kaste tauet så langt at gutten fra Hakstad, der da hadde arbeidet seg oppå iskanten, fikk tak i det.
I siste øyeblikk fikk nu mannen fatt i tauet, hvorpå Ingeborg med meget strev fikk bragt alle tre i land og hjalp dem opp i huset, hvor hun stellet alle med varm mat og varme klær.
Dette er så resolutt gjort av en enslig kvinne, at det både bør omtales og belønnes.
Dette er "Spell-Jo", John Olsen Torsetsæter frå Aure. Han var sett på som ein bygdeoriginal. Biletet er truleg teke i frukthagen til Ola J. Kalland i 1905 eller -06. Fotograf: Hans Ormset. Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.
Gass og bjørkeved
I Kristiansund er det no planar om å byggje eit kolgassverk. Eit laust overslag set kostnadene til mellom 170 000 og 225 000 kroner. I Ålesund har kommunen lyst ut anbod på fleire hundre famner bjørkaved. Enn om ein sparte skogen? spør Sunnmørsposten. På Harøya kan kommunen hente torv til 9 kroner tonnet. Dette blir truleg billegare enn bjørkaveden. Både det offentlege og privatfolk har eit ansvar her, og når huseigarane i Ålesund skaffar seg nye omnar, bør dei mest mogleg velje slike som også kan brenne torv.
Fortrænger norsk Fisk
Forbruket av norsk klippfisk minkar i Portugal, melder Romsdalsposten. Ferskfisk frå engelske fiskedamparar kjem i staden. Dette kjem for ein del av at klippfiskprisen no er svært høg, men mykje av forklaringa ligg også i uvilje mot Noreg i Portugal. Vin er Portugals fremste eksportartikkel, og Noreg har lagt ein uforholdsmessig høg toll på vinimporten. Det er fiskarane som får betale for dette eksperimentet. Prinsippa må ikkje ridast så langt at dei skader næringsvegane våre i altfor høg grad, skriv Romsdalsposten.
********
Språket i avis-sitata er varsamt modernisert så det skal bli lettare å lese for eit moderne publikum.
********
Er du interessert i historiske fotografi? Besøk gjerne heimesida til Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal