NRK Meny
Normal

Nytt forsøk på fjerning til våren

Sykkylven kommune gir ikkje opp kampen for å få heva den russiske trålaren som sokk ved kai i Hundeidvik under stormen Dagmar i desember 2011.

Russisk tråler

Den russiske trålaren ligg framleis på havets botn i Hundeidvika

Foto: Øystein Røimål

Odd Jostein Drotninghaug

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) vil gjere eit nytt forsøk på å få fjerna den russiske trålaren

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) seier kommunen i løpet av våren vil ta nye initiativ for å få vraket fjerna.

Kjem framleis litt opp litt olje

Trålaren ligg på havbotnen på femte året. Rundt 60.000 tonn olje som var om bord, blei fjerna av kystverket for vel to år sidan.

– Men framleis kjem det piplande opp olje til overflata og folk melder av og til om blåskimmer, fortel miljøvernrådgjevar Karl Johan Stadsnes i Sykkylven kommune til NRK.

Karl Johan Stadsnes

Karl Johan Stadsnes i Sykkylven kommune skulle gjerne sett at den russiske tråleren ble hevet

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Les også: Diesellekkasje fra «Krasnoselsk»

Uvisst kva som vil skje

Sykkylven kommunar har arbeidd jamt med å få fjerna vraket. Tidlegare ordførar Petter Lyshol (H) var i møte med samferdsleministeren om saka. Men departementet overlèt til Kystverket kva som skal gjerast. Då båten blei tømt, valde dei lågaste anbod, noko som medførte at båten vart liggande.

– Som fagansvarleg meiner eg det beste hadde vore å fått heva og så fjerna vraket, seier Stadsnes. Det utgjer stadig ein forureiningsfare sjølv om den no ikkje er aktutt.

Karl Johan Stadsnes tek prøver

Karl Johan Stadsnes tek prøver av vatnet

Foto: Karl Johan Stadsnes

Les også: Russiske trålar forliste under Dagmar- no krev ordføraren heving

Står på pengar

Stadsnes fortel til NRK at det er Kystverket som må prioritere om dei vil heve den russiske trålaren. Det ligg hundrevis av vrak langs kysten, men trålaren er til hinder for anna trafikk.

– Det er ein fare for kollisjon for båten ligg høgt opp når det er fjøre sjø, seier Stadsnes. Då er det berre eit par meter ned til toppen av båten og større båtar kan ikkje bruka kaia. Samstudens som den sperrar kaia, er det også til hinder for bi-leia til ferja fortel Stadsnes.

Les også: Tråler har gått ned i uværet