Hopp til innhold

- Nytt forsøk i sommar

AaFK-trenar Kjetil Rekdal vil gjerne hente inn ein ny midtstoppar, og gjer truleg eit nytt forsøk i sommar.

Kjetil Rekdal
Foto: Arne Flatin / NRK

Kjetil Rekdal har lenge jobba med å hente inn ein kvalitetsspelar på stopparplass, men har ikkje lukkast. Reserveløysinga med Sven Fredrik Stray frå Odd Grenland kosta altså meir enn det ville smake, dermed må Rekdal vente ei stund før han eventuelt får den stopparen han aller helst vil ha.

Kvalitet

Rekdal har heile tida sagt at han vil hente inn spelarar som er betre enn det dei har frå før. Det betyr i så fall at den stopparen han og klubben har jakta på ei god stund har høg kvalitet. I dag er det Daniel Arnefjord og Jonathan Tollås som har stopparplassane på A-laget. Plassar som dei ikkje vil gje frå seg utan kamp.

Reinieri Mayorquín
Foto: Arne Flatin / NRK

På kort tid har AaFK henta inn Ville Jalasto som mest er tenkt på ein backplass. I tillegg har midtbanespelaren Reinieri Mayorquín frå Honduras hatt sine første treningsøkter med laget denne veka. Målet var å hente endå ein spelar, men det toget har no gått.

Komfortabel

Rekdal er komfortabel med den spelargruppa han disponerer akkurat no. Skade og karantene kan ein aldri gardere seg mot uansett kor stor stallen er, seier han. Det einaste som manglar er ein kvalitetsstoppar, og han kjem kanskje saman med godveret i sommar...