Nytt Fjord1 selskap

All godstrafikken i Fjord1 vart frå nyttår organisert i eit selskap. Det nye selskapet Fjord1 Transport skal ha hovudkontor i Ålesund.

Container
Foto: Rainer Prang / NRK

Det nye selskapet Fjord1 Transport skal ha hovudkontor i Ålesund, og underavdelingar mellom anna i Stryn og Otta, fortel administrerande direktør i det nye selskapet, Lars Elling Bjåstad.

- Dette betyr at verksemda som så langt har vore svært spreidt, no vert samla i eit selskap. 

Effektivisering

Det er selskapet Fjord1 Gods Møre som no blir slått saman med godsavdelinga i Fjord1 Nordfjord/Ottadalen, og godsavdelinga til Fjord1 Sogn Billag, for å effektivisere og spesialisere drifta rundt godstrafikk. Det vil likevel ikkje føre til dei store endringane for dei tilsette i dei tre selskapa, fortel Bjåstad.

- Det er ikkje fare for oppseiinga i samband med dette.

Håper samanslåinga er positiv

Bjåstad hadde tidlegare ansvaret for godsaktiviteten på Møre, og han er no i gang med jobben som administrerande direktør i det nye selskapet Fjord1 Transport. Han håper kundane vil få eit positivt inntrykk av selskapet etter samanslåinga.

- Det kundane vil merke er at samlinga vil auke fokuset og i større grad gjere det lettare å samordne alle oppdraga.