Hopp til innhold

Nytt fengsel på Sunnmøre i sikte

Alle klutar blir no sett til for at Sunnmøre får bygd det nye fengselet snarast råd. I dag blei det klart at stortingsfleirtalet vil ha nytt fengsel i regionen.

Ålesund fengsel

Det 150 år gamle fengselet i Ålesund blir erstatta av eit hypermoderne fengsel på Digernes i Skodje.

Foto: Sara Lovise Roaldseth

– No er det politisk fleirtal for nytt fengsel uansett, så dette er ein gledens dag. Vi har fått gjennomslag for det vi har kjempa for i lang tid, seier ein godt nøgd Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar i Sunnmøre regionråd.

Det var i ettermiddag det blei kjent at regjeringspartia og dei to samarbeidspartia Kristeleg Folkeparti og Venstre, er samde om at både Sunnmøre og Haugesund skal få nye fengsel.

Jan Kåre Aurdal

Sunnmøre Regionråd og samarbeidspartnarane brettar opp ermane og går i gang med detaljplanlegging av det nye fengselet, lovar Jan Kåre Aurdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Begge stadane står for tur når to-tre andre fengsel er ferdigbygde på Sør- og Austlandet.

– No går vi i gang for fullt med å konkretisere planane for fengselet som skal ligge på Digernes i Skodje. Vona er at det skal kome på plass så snart som råd, seier Aurdal.

Stortingsmeldinga om fengselsbygginga blir lagt fram for Stortinget 10. juni.

Hypermoderne fengsel

Det har i mange år vore arbeidd for å erstatte det 150 år gamle fengselet i Ålesund med eit nytt og moderne fengsel.

– Fengselet har gått ut på dato for lenge sidan. Det er på høg tid at det blir erstatta, meiner Aurdal.

Nyefengslet med 90 til 100 soningsplassar blir heilt annaleis, lovar han. Der skal det leggast vekt på tettare samarbeid med ulike institusjonar utanfor fengselet. Dei som sonar, skal lettare kunne tilpasse seg samfunnet utanfor.

– Det blir mellom anna tett samarbeid med ulike utdanningsinstitusjonar i området, seier Aurdal.

Terje Vadseth

Skodjeordførar Terje Vadseth meiner det nye fengselet vil gi mange attraktive arbeidsplassar for heile regionen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Til nytte for mange

Fengselet kjem til å dekke eit areal på rundt 30 dekar. I bygget blir det plass til soning av mange ulike typar lovbrot.

– Fengselet kjem til å bety mykje for både Skodje kommune og heile regionen. Det er gledeleg at distriktet får tilført nye kompetansearbeidsplassar, meiner skodjeordførar Terje Vadseth, Frp.

Han har stor tru på at fengselet vil gi ein god miks av ulike typar arbeidsplassar.

– Talet på tilsette blir like høgt som talet på innsette. Det vil gi sårt tiltrengde arbeidsplassar for kvinner. Og nettopp det treng regionen vår, meiner han.

Alt fengselet enno ligg opp og fram i tid, dempar ikkje entusiasmen.

– Heller ikkje Roma blei bygd på ein dag. Dette blir fine greier, seier Terje Vadseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL