Hopp til innhold

Nyt sola i dag, snart kjem regnet

Vinterferien har starta med strålande sol og gode skiforhold mange stader. Men vil du lufte skia, skal du vere rask. Meteorologane varslar nemleg verskifte alt tysdag.

Ausekaret i Sykkylven

Ausekaret i Sykkylven i strålande sol laurdag.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Berit Hagen

Berit Hagen er statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

–Det ser ut for at søndagen og måndagen blir dei beste dagane, seier statsmeteorolog Berit Hagen.

Begge dagane blir prega av opphaldsver og sol.

Aueskaret i Sykkylven

Fine forhold på Ausekaret i Sykkylven laurdag. No åtvarar meteorologane om sterk vind i

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Morgondagen vil starte med sol i Møre og Romsdal, men så skal det gradvis skye til fram mot kvelden, seier Hagen.

Svartløken i Vestnes

Svartløken i Vestnes kommune byr på fine forhold søndag.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Sjekk veret der du er på yr.no.

Åtvarar mot sterk vind til fjells

Hagen legg til at det både i dag og i morgon vil vere vere mykje vind høgt til fjells og ber folk vere merksame på det.

– Det er ein god vind på høgfjellet og i utsette fjordstrøk, opp i ein søraust sterk kuling utsette stader, faktisk, seier ho.

Meteorologane varslar denne vertypen også sør og nord for Møre og Romsdal.

Mildver og regn

Tysdagen blir det altså veromslag, og heller ikkje sola ser ut til å halde stand.

– Det blir nok ein annan vertype, ja, med sør- og søraustleg vind og nedbør. Vinden kan kome opp i liten storm sørvest på kysten.

Det blir altså både mildt, vindfullt og vått dei fleste stader.

– Ja, og mildveret vil nok strekke seg heilt opp til 1000 meter, seier Hagen, som vedgår at dette kanskje ikkje er det lystigaste veret for dei som har vinterferie.

– Nei, det kan du nok seie. Som sagt, ser det ut for at dei beste dagane blir søndag og måndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL